Ser fram til å profesjonalisere HR-arbeidet

- Eg liker å arbeide med endring og organisasjonar som er i utvikling, seier den nye HR-sjefen ved NHH, Odd Andrew Storetvedt.

07.10.2014 - Astri Kamsvåg


Kva ønskjer du å utrette i stillinga?
- I dei tidlegare jobbane mine som leiar innafor HR har eg alltid heldt desse tinga veldig høgt: kundeperspektiv, å tilpasse HR-strategi, ressursar, kompetanse og oppgåver for best mogleg å understøtte dei strategiske utfordringane i organisasjonen, og å bygge ei HR-eining som er ein god samarbeidspartnar for leiarar og fagleg og teknisk-administrative tilsette.

No skal eg bruke tida på å bli kjend med NHH-organisasjonen og eiga avdeling, så får dei kommande vekene og månadene vise kva som blir viktigast å fokusere på i 2015.

Kva var det som freista ved denne stillinga?
- NHH er en ærverdig bergensinstitusjon, med et godt renommé. Eg liker å arbeide med endring og organisasjonar som er i utvikling. Handelshøgskulen står framfor ei spennande utvikling i åra framover. Det er aukande konkurranse om både fagleg tilsette og studentar nasjonalt og internasjonalt. Å være blant dei beste krev justeringar og tilpassingar for stab og institutt. Dette gir også interessante utfordringar for HR-avdelinga ved NHH.

Kva bakgrunn har du?
- Eg er utdanna ved UiB med hovudfag i adm.org, med informasjonsvitskap og arbeids- og organisasjonspsykologi. Under studia arbeidde eg ved LOS- senteret i Bergen, ved Bergen Røde Kors sin bedriftsvernskule, ved Sandviken sjukehus som nattevakt og for barnevernvakta i politiet som konsulent for å utvikle eit statistisk klientsystem for dei.

Medan eg studerte rakk eg både å bli gift og få to jenter som no er 21 og 23 år.

Etter studia starta eg som personalkonsulent ved Haukeland sjukehus. Deretter var eg innom Vesta/Skandia i seks år i ulike leiarstillingar innafor HR-avdelinga, før eg tok jobb som HR-direktør for apotek og grossistkjeda Alliance Unichem i Oslo. Etter å ha pendla i tre år start eg som Personal- og organisasjonsdirektør i Helse Bergen frå 2003 til 2008. Så blei eg henta tilbake til jobben i Oslo, og har vore der no i seks år som Retail Direktør med ansvar for alt salget i selskapet.

Pendle til Oslo var aldri noko langtidsprosjekt, og eg hadde bestemt meg for å gå tilbake til HR- området i ei eller anna form.

- Eg er tatt vel imot de første tre dagane, og gler meg til fortsettinga.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive