Personleg økonomi på timeplanen

Er det på tide at skuelverket tek ansvar for å lære folk personleg økonomi, spør førsteamanuensis Aksel Mjøs i Aftenposten 20. oktober.

20.10.2014 - Aksel Mjøs


Å finrekna på lånerenter og pensjonsnivå kjem stort sett langt ned på lista av inspirerande gjeremål. Samstundes, eg er privilegert, har alltid hatt god løn og no som statstilsett har eg både rimeleg huslån og svært god pensjon.

Innsikt i personleg økonomi er likevel viktig fordi vi møter ein langt meir komplisert finansiell kvardag enn tidlegare.

Opptekne av dagen i dag

Vi menneske er stort sett nærsynte og langt meir opptekne av utfordringane i dag enn i framtida, til dømes levestandarden vi får som pensjonistar om 30-40 år. Difor verdset vi dagens låge rentenivå som gjer det mogleg å låna meir og kjøpa flottare hus og bilar, for ikkje å snakka om å ha eit høgare forbruk.

At dette låge rentenivået reduserer forrentinga av sparinga vår, er i langt mindre grad i fokus. Renteberande plasseringar utgjer den største delen av pensjonssparinga, og med låge renter må vi spara meir for oppnå den same pensjonen i framtida.

I tillegg treng våre generasjonar meir pensjonskapital når vi går ut av arbeidslivet. Vi har høgt forbruk og høge forventningar til aktive pensjonsår, vi lever lengre og pensjonen både gjennom arbeidsgjevar og frå Folketrygda er flat eller fallande slik at vi må ta meir spareansvar sjølve.

Utfordringa er om folk er i stand til å forstå og forholda seg til stadig meir kompliserte økonomiske tilhøve.

Pensjon

For det første møter mange som arbeidstakarar no innskotspensjon med sparing gjennom verdipapirfond, noko som er meir risikabelt enn gamaldags pensjon med sikra pensjonsutbetaling.

I 2013 var over 1,1 millioner arbeidstakarar i privat sektor dekka av innskotspensjon, medan berre 264.000 var dekka av tradisjonell pensjon.

I innskotspensjon kan arbeidstakar sjølv påverka risikoprofilen på sparinga og kva fond kapitalen skal plasserast i. Samstundes som val av rette fond betyr svært mykje for resultatet til slutt, så er det krevjande å balansera risiko, forventa avkastning og forvaltarkvalitet inn i gode porteføljar.

Lån

For det andre er tilgang til alle slags lån enklare enn nokon gong, og faren for uforsvarleg forgjelding er stor.

Xunhua Su ved Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet har funne at 37 prosent av omfanget av norske bustadlån skuldast cash out, dvs. at når bustaden vert meir verdt så aukar ein lånet og tek ut pengane.

Tilgangen til kredittkort og usikra lån er også enklare enn nokon gong, stort sett ved nokre tastetrykk på nettet. Årleg vekst i uteståande lån på kredittkort har vore over ti prosent dei siste ti åra, slik at volumet i dag er 2,7 gonger volumet i 2003.

I artikkelen The Economic Importance of Financial Literacy: Theory and Evidenceù i Journal of Economic Literature (2014) drøftar Annamaria Lusardi og Olivia S. Mitchell aktuell forsking på både kunnskap om finansielle tema og kvifor dette er viktig.

Tre kjernespørsmål går igjen i undersøkingane:

1: For ein bankkonto med $100 og to prosent årleg rente, kor mykje har du etter fem år, meir eller mindre enn $102? (Svar: Meir, $110)

2: Dersom innskuddsrenta i banken er ein prosent og inflasjonen er to prosent pr. år, vil du då etter eitt år kunna kjøpa meir eller mindre enn idag? (Svar: Mindre)

3: Påstand Å kjøpa ein aksje i eitt selskap gjev vanlegvis ei sikrare avkastning enn å kjøpa ein andel i eit aksjefond? (Svar: Nei, fond gjev betre risikospreiing)

Stort sett greidde under halvparten å svara rett på alle spørsmåla, til dømes USA (30 prosent), Nederland (45 prosent) og Japan (27 prosent). Unntaka er Tyskland (53 prosent) og Russland (4 prosent). Resultatet for Sverige er 21 prosent, men med litt justerte spørsmål, medan Noreg ikkje er med.

Artikkelen finn og at folk med låg finansiell kunnskap sparar mindre til pensjon, har dyrare bustadlån, betalar høgare finansielle gebyr og har dyre forbrukslån. Dersom dette er folk med lågare inntekter vert dessutan verknadane desto større for den enkelte.

Krevjande økonomisk kvardag

Korleis gjera folk i stand til å ta gode økonomiske val? Ein naturleg start var å sjekka læreplanane for grunnskulen og vidaregåande skular hjå Undervisningsdirektoratet.

I eit breitt søk på læreplanane for dei 13 første utdanningsåra fann eg ingen treff på orda: aksje, verdipapir, avkastning, pensjon, inflasjon, eller avdrag. Eg fekk nokre treff på orda finans (fire treff, alle knytta til studiespesialisering i samfunnsøkonomi), fond (eitt treff knytta til entreprenørskap), forsikring (sju treff knytta til skadeforsikring), og risiko (eitt treff innan næringslivsøkonomi, dei øvrige gjeld HMS-risiko).

Dette er enkle testar, men lite tyder på at skuleverket tek ansvar for å førebu ungdomen på ein krevjande økonomisk kvardag.

Kva så med andre initiativ? Aksje-Norge har eit omfattande arbeid for å auka kunnskap og interesse for aksjesparing, og tilbyr også opplegg for skuleverket. DNB har gjeve ut boka Skikk & Bank til sine yngre kundar, Finansmarkedsfondet har støtta ei rekkje allmennopplysningstiltak knytta til finansiell økonomi generelt, og Finans-Norge er engasjerte, med konferansar, testen Økonomilappen og fokuserer på at personleg økonomi må inn som skulefag.

Faren er at frivillige initiativ likevel bare når dei som allereie er interesserte, enten det er lærarar eller einskildpersonar - og kor mykje økonomikompetanse er det i Undervisningsdirektoratet?

Ein del av allmenndanninga

I tillegg til å kunna ta gode personlege val, er grunnleggjande økonomiforståing ein del av allmenndanninga. Alle treng ei viss forståing av korleis finansmarknadane verkar og kva dette har å seia for verksemder og arbeidsplassar.

Vi kan møta utfordringane enten som arbeidstakar og gjerne tillitsvald, aksjesparar, politisk engasjert eller i eiga verksemd. Om ein skal spara eller låna, gjeld det å møta marknaden utan å verta lurt. Ei løysing er at grunnleggjande personleg økonomi kjem inn i læreplanen for ungdomsskulen og ein også samarbeider med gode økonomar frå bank, rådgjevarar eller næringsliv som gjestelærarar.

Målet må vera at TV3 sin Luksusfellen med sine rundt 200.000 sjåarar går tom for eksempel!


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive