Ny kommunikasjonsrådgjevar

Astri Kamsvåg er siste tilskot til Kommunikasjonsavdelinga. Ho skal primært driva med internkommunikasjon.

02.10.2014 - Hallvard Lyssand


Astri Kamsvåg har budd i Bergen i ei årrekkje, men kjem opprinneleg frå Kristiansund.

Ho er utdanna medieviter frå Universitetet i Bergen og har vidareutdanning i gestaltrettleiing frå Haraldsplass diakonale sjukehus.

45-åringen har vore informasjonsleiar ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen dei siste ti åra. Før det var ho informasjonsansvarleg ved CMI i seks år. Ho har også vore informasjonssjef for Posten Rogaland.

Kamsvåg skal arbeida med internkommunikasjon, noko som m.a. inkluderer å vera redaktør for Paraplyen. Ho kjem også til å bli involvert i det pågåande nettprosjektet.

- Eg håpar å bidra til betre internkommunikasjon og informasjonsflyt, og vi har som målsetting å få til nokre endringar som gjer at ting flyt betre, seier ho.

- Kvifor ville du til NHH?

- Her har de ei stor kommunikasjonsavdeling. Eg har alltid arbeidd åleine eller saman med maks ein person til. Eg gler meg til å få fleire kollegaer som er opptekne av det same som meg. Dessutan ser eg fram til å kunna konsentrera meg meir om eitt felt innan kommunikasjonsfaget. Eg er van med å utføre heile spekteret av kommuniksjonsoppgåver sjølv.

- Sidan eg har arbeidd med formidling av forsking og utdanning i mange år, kjenner eg godt til sektoren som NHH er ein del av. At NHH er kjend for høg kvalitet er også eit pluss, men det var ikkje primært derfor eg søkte meg hit.

- Eg ser fram til å bli betre kjend med organisasjonen og til å komme i gang!

Les meir om oppgåvene til Kommunikasjonsavdelingen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive