- Eg er godt nøgd med brannøvinga i dag, uttalar driftsleiaren

- Nybygget vart evakuert på fem minutt, og det er strålande, seier Arvid Fredheim.

03.10.2014 - Astri Kamsvåg


- Studentar og tilsette var raske med å komme seg ut, og etasjevaktene rapporterte til meg at dei hadde utført oppgåvene sine slik dei skulle. Dei måtte snakke til eit par studentar som satt med headset og ikkje høyrde brannalarmen godt nok, men elles gjekk dette heilt etter boka, fortel han nøgd.

Dette var den første brannøvinga i nybygget. Fleire kjem etter kvart.

Les meir om beredskap ved NHH

Les meir om Seksjon for eigedomsforvaltning


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive