- Innovasjonsaktiviteten må bli betre

Noreg gjer det dårlegare på innovasjon enn alle dei andre nordiske landa. - Vi er middelmådige på innovasjon, sa næringsminister Monica Mæland under NHHs Høstkonferanse.

23.10.2014 - Øyvind Torvund. Foto: Siv Dolmen


Høstkonferansen markerte i år slutten på forskningsprogrammet "Krise, omstilling og vekst". Programmet har følgt norsk og internasjonal økonomi sidan 2009, og på årets konferanse presenterte NHH-forskarane nokre av funna sine.

I tillegg var leiaren av Produktivitetskommisjonens, Jørn Rattsø, og næringsminister Monica Mæland inviterte til å halde innlegg. Statsråden understreka at mykje i Noreg går svært bra, men ho var ikkje nøgd med innovasjonsaktivteten.

- Vi må bli betre på dette området, og difor har regjeringa i forslaget sitt til statsbudsjett lagt opp til å styrke den næringsretta forskinga, sa Mæland under presentasjonen sin.

Ho viste mellom anna til EU-rapporten Innovation Union Scoreboard der Noreg skåra midt på på treet. I tillegg til å vere bak alle dei nordiske land, har vi også land som Kypros, Estland og Slovenia framfor oss på lista.

Høstkonferansen 2014, 1
Professor Victor Norman har leia Krise, omstilling og vekst-programmet på NHH. I innlegget stilte han spørsmål ved om vi som ein liten rik økonomi eigentleg har noko å uroe oss over i Noreg. Ifølgje han har vi ei omstillingskrise. Nyskapinga har gått trått og produktivitetsveksten har stoppa opp.
Foto: Siv Dolmen
Høstkonferansen 2014, Ø. Thøgersen, G. Doppelhofer
Professorkollegaene Øystein Thøgersen og Gernot Doppelhofer heldt begge innlegg under konferansen. Sjølv om mykje er lagt bra til rette i Noreg viste Doppelhofer til OECD som har kritisert skattesystemet i Noreg. - Høge effektive skatteratar kan gjere det mindre attraktivt å investere i produktiv kapital, spesielt for små og mellomtore bedrifter, sa Doppelhofer. I midten professor Alexander W. Cappelen som leia konferansen.
Foto: Siv Dolmen
Høstkonferansen 2014, mingling
Mellom dei faglege føredraga vart det også god tid til mingling for konferansegjestane som hadde teke turen til Hotel Bristol i Oslo.
Foto: Siv Dolmen
Høstkonferansen 2014, Kjell G. Salvanes
Professor Kjell G. Salvanes la fram ny forsking som viste at kunnskapsnivået i befolkninga gjekk opp fram til dei som vart født på 70-talet. Frå då av har det jamt nedover igjen. Han lanserte Reform 94 som ei muleg årsak til nedgangen. Den vidaregåande skulen er blitt teorisert, og Salvanes meiner ein må satse sterkare på yrkesutdanningane.
Foto: Siv Dolmen
Høstkonferansen 2014, L. Lien, A. Mjøs, M. Gerhardsen
Professorane Lasse Lien og Aksel Mjøs heldt begge innlegg på konferansen. Her saman med leiar for tankesmia Agenda, Marte Gerhardsen. Ho var med i ein avsluttande debatt saman med BI-rektor Tom Colbjørsnen.
Foto: Siv Dolmen
Høstkonferansen 2014, Kåre Willoch
Rundt 250 personar var til stades på årets konferanse. Blant deltakarane er det mange gjengangarar, mellom dei tidlegare statsminister Kåre Willoch. Han var strålande nøgd med årets konferanse.
Foto: Siv Dolmen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive