Kriseprogrammet ved vegs ende

Vi har ei omstillingskrise og må gjere noko med insentiva til å innovere, konkurrere og ta risiko, konkluderer Victor D. Norman. Denne hausten avsluttar han og resten av forskarane i Krise, omstilling og vekst-programmet sitt arbeid.

06.11.2014 - Øyvind Torvund


- Å få leie dette forskingsprogrammet har vore utruleg lærerikt og gøy. Personleg har eg lært meir dei siste seks åra enn eg gjorde dei føregåande 20, seier professor Victor D. Norman, som har leia Krise, omstilling og vekst-programmet.

Programmet starta i 2009 og har sett på årsaker til den internasjonale økonomiske krisa, konsekvensar på kort og lang sikt og følgjene krisa har for omstillingsbehov i næringslivet.

Skjønar ting betre

Denne hausten er det slutt. Haustkonferansen i Oslo no i oktober og ei bokutgjeving i november markerer det endelege punktumet for programmet.

- Det viktigaste med programmet er at vi har fått ut mykje god forsking. Eg trur både vi og samarbeidspartnarane no skjønar ting betre enn då vi starta programmet. I tillegg har det vore utruleg gøy å sjå kor mykje fagkompetanse det finst på NHH, seier Norman.

Han meiner det har vore ein styrke at dei har involvert forskarar frå fleire instiutt: samfunnsøkonomi, strategi og ledelse og finans. Slike samarbeid burde ein hatt meir av, meiner Norman.

- Mesteparten av forskinga må skje innanfor fag, fordi forsking skal då djupt. Men vi er også avhengige av å ha nokre overgripande aktivitetar som trekkjer oss ut av desse siloane av og til. Fenomen som den økonomiske krisa er veldig godt eigna til dette fordi den har så mange ansikt, seier Norman.

Ei omstillingskrise

Når det gjeld sjølve krisa for verdsøkonomien, og kva ein har lært, meiner Norman det er på det reine at det er snakk om ei omstillingskrise som i hovudsak skuldast globaliseringa og delvis ny teknologi.

- Planen var at Asia skulle overta ein betydeleg del av industrivareproduksjonen slik at resten av verda kunne importere billige industrivarer frå Asia. Så skulle vi bruke dei frigjorte ressursane til å få ny kunnskapsbasert verdiskaping.

Problemet, ifølgje Norman, var at ein bygde ned industrien i Nord-Amerika, Europa og Japan utan at ein klarte å byggje opp noko nytt. Dette førte til at investeringslysta i vestleg næringsliv avtok. Finanskrisa avdekka den latente etterspørselsvikten som oppstod fordi ein slutta å investere i vestlege land.

- Vestlege land kjem ikkje ut av denne lågkonjunkturen før investeringslysta tek seg opp igjen. Det er behov for nyskaping slik at kunnskapssamfunnet får eit realøkonomisk innhald. Det har vore vår diagnose tidleg i programmet, og alt som har skjedd sidan stadfestar at det er det som er problemet, seier Norman.

Fantastisk for Noreg

For Noreg sin del har derimot krisa gått betre enn ein kunne frykte. Den brå nedturen vart avløyst av ein like brå oppgang. Men under overflata lurer det problem også her.

- Noreg har gått heilt fantastisk. Men ser vi nærare på tala er det først og fremst oljeinvesteringane og bustadinvesteringane som har heldt oss i gang. Den grunnleggande investeringssvikten i anna næringsliv er like markant her som i andre land. Vi er berre heldige som har eit par sektorar som held hjula kraftig i gang, seier Norman.

Ifølgje han skuldast omstillingskrisa at arbeidsmarknaden, kapitalmarknaden og innovasjonsmarknaden ikkje fungerer godt nok til å skape dei nye næringane og verksemdene.

- Det er difor vi må vi sjå på insentiva for å innovere, konkurrere og ta risiko. Det er dei tre tinga som skal drive fram det nye vi skal leve av. Ei av hovudutfordringane her er at det er ein dårleg utbygd risikokapitalmarknad for små og mellomstore bedrifter. Dei vil vere lokomotiva i omstillinga til noko nytt, seier Norman.

Les meir om programmet Krise, omstilling og vekst

Les meir om Victor D. Norman

Denne artikkelen ble første gang publisert i NHH Bulletin nr. 3/2014

Victor D. Norman
Foto: Thomas Sivertsen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive