Heiderleg omtale for forskingsvideoar

Forskingsvideoinnspeling med Siv Skard (Foto: Hallvard Lyssand)

NHH sin videoserie «En økonom forklarer» fekk heiderleg omtale då forsking.no nyleg kåra beste artikkel i 2014.

03.11.2014 - Hallvard Lyssand


Ein gong i året samlar forskingsnettsida forsking.no bidragsytarar frå UH-sektoren til seminar. Blant dei faste postane på programmet er å kåra dei beste sakene på nettstaden det siste året.

Under konferansen i Tromsø nyleg var ei NHH-sak blant dei fire som fekk heiderleg omtale, videoen «Bør sponsorer trekke seg når idrettsutøvere oppfører seg dårlig?» med førsteamanuensis Siv Skard frå Institutt for strategi og leiing.

Videoen er ein dela av serien «En økonom forklarer» som vert laga av Torill Ervik og Øyvind Torvund ved Kommunikasjonsavdelinga i samarbeid med folk frå fagstaben. Også serien som heilskap vart trekt fram under forsking.no-arrangementet.

- Målet med serien er å driva kort, konsis, enkel og svært allmennretta formidling av både grunnleggjande og meir dagsaktuelle tema frå heile det økonomisk-administrative fagområdet, seier initiativtakar til serien, Torill Ervik.

- Metoden er at forskarane svarar på eit utgangsspørsmål. Vi er relativt strenge på tids- og språkbruk. Å presentera til dels kompliserte saker kort, konsist og forståeleg rett i kamera utan å lesa frå eit manus er temmeleg krevjande, men dei som har bidrege så langt har meistra forma imponerande fort, seier Ervik.

I tillegg til Skard-videoen om sponsing, det laga videoar om alt frå handlingsregelen og mikrofinans til boligbobler og kva som kjenneteiknar dårlege leiarar.

Videoane vert publisert både på nhh.no, Youtube og forsking.no. Dei åtte filmane som er laga så langt er til saman sett ca. 12000 gonger.

Sjå videoane på nhh.no

En økonom forklarer-video, Siv Skard (Foto: Hallvard Lyssand)
NHH sin videoserie "En økonom forklarer" har falle i god jord hjå forskning.no. Biletet er frå innspelinga med Siv Skard i oktober. Torill Ervik (til venstre) og Øyvind Torvund frå Kommunikasjonsavdelinga står bak serien

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive