Har etablert filmstudio

Filmstudio (Foto: Hallvard Lyssand)

NHH har etablert eit eige videostudio til bruk til undervisningsføremål og forskingsformidling. Studioet vert offisielt opna i samband med Pedagogisk time 21. november.

13.11.2014 - Hallvard Lyssand


Bruk av video vert stadig meir omfattande både i undervisningssamanheng og i samband med forskingsformidling via nettet.

NHH har alt på plass teknisk infrastruktur for filming i mange av auditoria, og opptak frå ei rekkje førelesingar er tilgjengeleg via adressa tv.nhh.no (ein må vera logga på NHH sitt nett for å få tilgang).

Det har likevel synt seg at det er behov for å få på plass eit eige lokale der det kan gjerast andre typar produksjonar. Som del av ei større satsing på digitalisering og undervisingsteknologi ved høgskulen er det derfor etablert eit studio i Servicebygget.

Ulike produksjonar

I tillegg til videokamera, ein enkel lysrigg og etterbehandlingsutstyr, er det alt frå ulike Smart Boards og dokumentkamera til ei god gamaldags krittavle på plass i studioet.

Målet er at det skal kunna spelast inn alt frå enkle videosnuttar til bruk i undervisinga til meir omfattande produksjonar til bruk i til dømes nettbaserte kurs.

NHH Executive har alt prøvd ut rommet i samband med innspelingar til det nettbaserte kurset Bærekraftige forretningsmodeller, som byrjar våren 2015.

Kommunikasjonsavdelinga har dessutan nytta rommet til innspelingar i serien En økonom forklarer.

Videoinnspeling, Siv Skard (Foto. Hallvard Lyssand)
Siv Skard frå Institutt for strategi og leiing spela inn video i serien «En økonom forklarer» i NHH sitt nye studio i oktober. Torill S. Ervik og Øyvind Torvund frå Kommunikasjonsavdelinga instruerte.

Låg terskel

På den innspelingstekniske sida vert det tidvis samarbeidd med NHHS-underutvalet K7minutter, men etter planen skal det også nyttast interne ressursar til å driva studioet.

Til nokre av dei enklaste produksjonane er målet på sikt at den tekniske lista skal liggja så lågt at til dømes førelesarar som vil spela inn korte snuttar kan gjera det meste av jobben sjølve.

Førelesarar som ønskjer å prøva studioet kan ta kontakt med Frank Mortensen i Leiingssekretariatet.

Sjå ein presentasjonsvideo om studioet nedst i denne saka.

Jubileumsgåve frå NHH-kandidatar

Studioet er delvis finansiert med midlar som vart gitt i gåve frå NHH-kandidatar i samband med storsatsinga NHH 2021, som vart etablert under NHH sitt 75-årsjubileum i 2011. Satsinga vart initiert av Næringslivskomiteen, og målet er at NHH skal bli blant dei beste handelshøgskulane i Europa innan 2021.

- Det vart oppretta ei eiga foreining, «Foreininga for NHH 2021», som skulle forvalta dei innsamla midlane med formål å bidra til at høgskulen når det ambisiøse målet. Foreininga har no vedteke at midlane skal brukast til satsing på undervisingsteknologi, og studio er nemnt spesielt, seier rektor Frøystein Gjesdal.

Inviterer til Pedagogisk time

Den 21. november frå klokka 10.00 til 11.30 inviterer Pedagogikkutvalet til Pedagogisk time.

Prorektor Sunniva Whittaker vil stå for den offisielle opninga av studioet. Deretter vil to førelesarar dela sine erfaringar med bruk av video som verktøy i undervisinga

Program, Pedagogisk time:
«Opning av studio - Korleis laga god filmstøtte til undervisinga»

1 Opning av studio ved prorektor Sunniva Whittaker

2 Dekan Kjetil Bjorvatn
Nokre trådar tilbake til Pedagogisk uke

3 Lars Jacob Tynes Pedersen
Videoførelesingar og video som eit verktøy i undervisninga

4 Ragnhild Balsvik.
«Flipped classroom» i økonometri

5 Frank Mortensen
Info. om studio
Presentasjon av utstyret

6 Mingling i Studio. Studentar frå K7 vil svare på spørsmål om utstyret, opptaksmuligheiter, o.l.

Kl. 11.30: Lunsj i Studentkantina.

Innlegga vert haldne på engelsk.

Meld deg på Pedagogisk time innan onsdag 19. november på e-post til marianne.eskeland@nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive