Difor kjem det mindre storkapital til småbedriftene
Har små verksemder vanskar med å skaffa seg kapital fordi dei er ulønsame eller fordi det er noko gale med finansmarknadane? Rett svar er: Begge deler, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs i Aftenposten 30. desember.
01.12.2014 - Aksel Mjøs
Debatten tek aldri slutt: Manglande kapitaltilgang til små og nyare verksemder er ein gjengangar i næringspolitiske diskusjonar. Til dømes hevdar forvaltarar som spesialiserer seg på verksemder i ein oppstartfase at dei kjenner til eit 50-tals gode forskingsbaserte prosjekt som er på vent grunna manglande kapital.
Tilrettelegging er viktig
Som så ofte er svaret at ei kvar sak har to sider. Eg vil fokusera på utviklingstrekk som gjer kapitaltilgangen vanskelegare - uansett om det eigentlege problemet ligg i ulønsame verksemder eller redusert tilbod av kapital. Utviklinga knyter seg hovudsakleg til utviklinga av kapitalmarknadane, altså korleis det vi sparar til slutt finn vegen til nye prosjekt. Men og tilrettelegginga frå styresmaktene er viktig.
La meg byrja med marknadsutviklinga.
Økonomistudentar lærer at for å oppnå god avkastning utan å ta for stor risiko skal ein spreia investeringane slik at svingingane jamnar seg ut. Dette inneber å fordela aksjeinvesteringane både på selskap, bransjar, land, og gjerne andre dimensjonar.
Dette har fått stadig større innverknad i kapitalmarknadane. Over dei siste 10-15 åra har grensene mellom nasjonale finansmarknader falle slik at alle enkelt kan investera globalt. I 2013 vart 76 prosent av brutto nyteikna kapital i norske aksjefond plasserte utanfor Noreg. I tillegg kjem norske plasseringar direkte i internasjonale fond. Europeiske undersøkingar indikerer at større investorar legg om lag 20 prosent av aksjeporteføljen i heimlandet sitt.
Utanlandske investorar
Om ein ser på inngåande investeringar til Noreg er over halvparten av selskapa på Oslo Børs, utanom staten, eigd av utanlandske investorar.
Oppsummert er kapitalen stadig betre spreidd - meir diversifisert - enn tidlegare. Det er bra. Men samstundes vert ofte investorane for distansert til å vera nok informert om det spesielle ved nyare eller mindre verksemder.
Konsekvensen er at det ikkje alltid er rett eller "optimalt" å spre investeringane over heile verdskartet. Når investorane har særleg god innsikt og kompetanse om enkeltverksemder, skal dei bruka denne. Då kan dei og oppnå høgare avkastning en ved ein breie, globale investeringar.
Eit typisk eksempel er når investorar som til dømes aktive eigarfond kjøper opp ei verksemd og utviklar denne for så å selja den vidare enten på børs eller til større verksemder. Utviklinga tek vanlegvis mange år og investorane er innelåste på ein heilt annan måte enn ved børsnoterte aksjar. Det er krevjande fordi mykje kan gå feil. Difor høver dette best for større, profesjonelle investorar.
Kontrastar mellom små og store
Nokon har betre informasjon enn andre. Slike "informasjonsforskjellar" er viktige. Dess meir utvikla børsmarknadane vert - også med omsyn til informasjon til investorane - dess større vert kontrasten mot det ein veit om nystarta eller mindre verksemder som ikkje er børsnoterte. For institusjonelle investorar som satsar på å analyser selskap betre enn andre, vert det difor også eit kostnadsproblem å investera i slike selskap. Informasjonen er dårlegare og tidsbruken vanskeleg å forsvara.
Dersom forvaltarane treng same tida for å analysera ei investering i Statoil på 50 millioner kr. som ved 1 million kr i NyTeknologi AS, så krevs det usannsynleg høg venta verdistigning på sistnemnde for å velja denne. I tillegg er det høgare risiko og ingen analysar frå andre kjelder.
Økonomisk vekst og auka finansiell sparing gjer også det alt i alt er betre tilgang på kapital. Til dømes er samla finansielle eigendelar i norske livselskap nær tredobla sidan år 2002. Men små og nystarta selskap vil naturleg nok alltid vera omtrent like små som dei alltid har vore. Difor vert det stadig mindre rasjonelt for dei med store finansielle ressursar - porteføljar - å ta kostnaden ved å investera i små verksemder.
Redde investorar
I tillegg til desse trendane finn ein at i vanskelege økonomiske tider vert investorar reddare for å ta risiko og opptekne med at det skal være lett å selja seg ut. Dette trekkjer mot større, kjende og lettare handlebare investeringar, og slett ikkje mot småselskap.
Kva så med banklån til mindre selskap? Informasjonsproblema er viktige her også. Tidlegare kunne ein erfaren banksjef med innsikt i lokale verksemder yta lån med lite formell kredittanalyse. I dag vert det kravd formalisert analyse i bankane sine kredittsystem og såkalla "mjuk" eller udokumentert informasjon vert mindre vektlagt. I tillegg er Finanstilsynet og til dømes ratingselskapa som vurderer banken sin eigen kredittkvalitet opptekne av gode, dokumenterte interne prosessar.
Auka krav til likviditet
Kva gjer så myndighetene på dette feltet? Reguleringsmessige innskjerpingar etter finanskrisa gjer også investeringar i små og mellomstore verksemder stadig mindre interessante. I bankane krev utlån til mindre selskap både meir risikokapital og tilgjengeleg likviditet, i tillegg til kravet til utfyllande informasjon. I profesjonelle forvaltningsmiljø er det auka krav til likviditet i porteføljane, altså at det skal vera enkelt både å kjøpa og selja seg ut.
I dag har til dømes norske aksjefond høve til å ha ti prosent i unoterte aksjar, men har stort sett ein langt mindre andel av likviditetsomsyn. Årsaka er at dersom kundane vel å løysa inn sine fondsandeler må forvaltaren kunna frigjera kapitalen raskt. Med aksjar som er vanskelege å selja er faren at dei kundane som ikkje trekkjer ut kapital vert sitjande med ein dårlegare og endå mindre likvid portefølje i fondet. Finanstilsynet har dessutan konkrete krav til samla likviditet i møte med ulike krisescenarier. I hovudsak er dette nødvendig og basert på erfaringar frå tidlegare kriser.
Kva er det så å gjera med dette? Auka investeringar over landegrensene - global kapitaldiversifisering - og auka profesjonalisering av finansnæring er tunge - og viktige - trendar. Dette reduserer altså kapitaltilbodet til små verksemder som det er vanskeleg å skaffa seg informasjon om.
Formuesskatten gjer heller ikkje slike investeringar lettare. Styresmaktene som ønskjer ein finanssektor som tek mindre risiko, må og utvikla tilgangen til annan kapital. Elles vil særleg små verksemder lida.
Eit godt tiltak er difor ordninga med såkornkapital der staten går i partnerskap med kompetente investorar og forvaltningsmiljø. Begge stiller med kapital og deler på risikoen. Samstundes er dei private aktørarane motiv til å vera profesjonelle og krevjande forvaltarar.
Stat og privat - hand i hand. Det er oppskrifta for å hjelpa små verksemder som treng kapital.
|