Ølbryggjeridirektøren i nord

Roger Karlsen er offisielt kåra til det største leiartalentet i Nord-Noreg. Han har vore i leiarposisjonar i Noreg og internasjonalt sidan han var i tjueåra. No kan han stole meir på magekjensla.

21.03.2014 - Sigrid Folkestad Foto: Ingun Alette Mæhlum


- Eg stolar meir og meir på magekjensla når saker og ting skal løysast. Ho stemmer betre no enn før, viser det seg. Det har med erfaring, personlegdom og utdanning å gjere. Du har nokre verktøy med deg inn i ein jobb, du får erfaring - og til slutt ei ganske god magekjensle. Stilen min er å ta mange avgjerder på intuisjon. Eg treng ikkje å ha dokumentert alt ned til minste detalj før eg bestemmer meg.

Mikrobryggjeriet i Tromsø

I 2012 blei nordlendingen Roger Karlsen offisielt kåra til det største leiartalentet i landsdelen av E24. Enorm arbeidskapasitet og glimt i auget. Det var noko av det komiteen meinte karakteriserte Karlsen, som fekk jobb som forsyningsdirektør i Mack i 2010. Det var ei kjempeutfordring som låg og venta, for i Mack hadde dei bestemt seg for å satse vidare på ølproduksjon, men fabrikken skulle flyttast frå Tromsø til Nordkjosbotn. Denne oppgåva kom til å prege kvardagen til Karlsen dei neste åra.

Men dunsten av ferdigbryggja øl er ikkje heilt borte frå området i Storgata i Tromsø, for ikkje langt unna den opne kontorløysinga til Karlsen - ja, han har fått spørsmål om han kan dempe seg noko - ligg mikrobryggjeriet til Mack. Her blir ølet rituelt bryggja av kjennarar, til musikk frå vinylplater.

Roger Karlsen har sjekka e-post til seint på natt. Og han har trena stort sett kvar einaste dag, noko som garantert sørgjer for å halde humøret og arbeidskapasiteten på topp. Så langt stemmer beskrivingane av leiartalentet.

Ikkje uroleg i det heile

Etter NHH-studium fekk Karlsen ei stilling som trainee i dekkselskapet Continental i Noreg, men han hadde flaks, som han seier, og kort tid etter tilsetjinga blei han send til Asia etter ein joint venture. 25-åringen fekk ansvar for å innføre forretningsprinsippa til Continental og var først fem månader i Kuala Lumpur.

- Var du uroleg for korleis det skulle gå?

- Nei, eg var ikkje uroleg i det hele. Eg er sjeldan redd for å gå inn i slike ting. Det var spennande med alt det nye, og eg visste korleis selskapet ønskte at ting skulle vere. Den største utfordringa var det personlege, at eg skulle klare å vere meg sjølv samtidig som eg skulle komme inn på dei lokalt tilsette.

- Korleis fungerte det?

- Det var overraskande. Eg er direkte og open og fleipar mykje. Det gjekk rett heim hos dei. Det var nokre gamle høvdingar i selskapet, og eg hadde ein del kampar med dei om linje og ansvar. Eg sa «Gløym det, det kuttar vi. Det er eg som styrer dette no». Først blei dei sinte, så fekk dei respekt for meg.

Frå Asia til Tyskland

Karlsen drog vidare til Tyskland, der Continental har hovudkvarter. Der gjekk han inn i ei internasjonal prosjektstilling for å jobbe med nye marknader, ikkje berre i Europa, men i Russland og Brasil òg.

- Var det lærerikt eller stressande?

- Stress blei det jo, men det var mest lærerikt, spesielt fordi ein må tilpasse seg andre kulturar og mange forskjellige typar menneske.

Sambuaren til Karlsen budde i Oslo, men då dei skulle ha barn, var det uaktuelt at far i huset hadde ein jobb der han var konstant på reisefot. Karlsen var inne på tanken om å få seg ein jobb i konsulentbransjen.

- Eg fann ut at det ikkje var aktuelt. Eg var redd det skulle bli kjedeleg. Eg liker industri og det at du kan påverke heile kjeda frå produksjon til sal.

Personalansvar

Roger Karlsen i mikrobryggjeriet til Mack

Alt dette løyste seg då Sørensen og Balchen, som eig BilXtra-butikkar og ‑verkstader, tok kontakt. Karlsen var interessert og fekk jobb som salsdirektør. Seinare, berre 28 år gammal, overtok han ansvaret for kjedene, med personalansvar for heile kjeda med 70 butikkar og 140 verkstader.

- Det var eit stort ansvar for ein ung leiar?

- Ja, og kanonartig!

- Komiteen som meinte at du var det største leiartalentet i Nord-Noreg, kommenterte arbeidskapasiteten din og den humoristiske sansen. Har du ein leiingsfilosofi?

- Eg trur det å vere seg sjølv er ekstremt viktig. Det er lett å gjennomskode folk som tek på seg ei rolle. Eg kan ikkje det. Og godt humør og stor arbeidskapasitet er formelen min for god leiing. Eg vil skape liv i ei gruppe, ha det gøy og skape energi til å gjennomføre ting, ikkje stå og sjå på, men bidra med stor kapasitet.

- Kva har utanlandserfaringa hatt å seie for deg?

- Eg trur at det å lykkast som leiar er det same uansett kvar du er. For meg et det viktig å vere seg sjølv og prøve å spreie glede og få folk med seg. Det er jo nettopp det som er leiing, ikkje sant, å få folk med seg.


Personleg eigna

- Kva vil du svare på spørsmålet «fødd slik eller blitt slik»?

- Ein kombinasjon. Personlegdommen min ser du heilt klart igjen frå oppveksten min. Eg har med meg nokre eigenskapar som gjer at eg lettare hamnar i leiarposisjonar, trur eg. Dersom ein er svært reservert, er det kanskje ikkje så lett å komme i ein leiande posisjon. Eg merka tidleg at eg hadde både ønske om og behov for å ta ansvar, så for min del har ønsket om å vere leiar lege latent.

Etter vidaregåande tok Karlsen befalsskule i Forsvaret. Det var ei god erfaring, seier han, og han vurderte å ta vidare leiarutdanning i Forsvaret.

- Eg gjorde ei sondering for å finne ut korleis eg kunne komme meg vidare i næringslivet og få ein leiande posisjon.

- Du var ambisiøs ganske tidleg?

- Ja, fordi eg ville halde fram med leiing etter militærtida. Eg syntest det var skikkeleg artig, og eg fekk det godt til.

Ærlege folk rundt seg

- Som leiar kan du ikkje heilt vite kva medarbeidarane tenkjer om deg. Trur du dei er ærlege mot deg?

- Det går eg aldri rundt og tenkjer på. Vi jobbar veldig mykje med at vi skal tørre å seie ting og ha stor takhøgd. Arbeidsmiljøet er ekstremt viktig. Ein må for all del unngå at ein får kos med misnøye. Det er farleg. Enkelte snakkar saman om at ting fungerer dårleg, og det kan fort danne seg klikkar. Det snakkar vi litt om. Det er mykje betre dersom folk tør å seie frå, slik at vi kan snakke om det og avklare problema.

Dei tre siste åra har vore beintøffe i Mack, seier Karlsen. Flytting av heile produksjonen og dårleg likviditet har slite på organisasjonen. Pengane har gått til å få opp den nye fabrikken.

- No er vi gjennom det verste.

Hobby

- Har du jobba frykteleg mykje dei siste tre åra?

- Ja, det har vore ekstremt lange dagar. Vi gjennomførte eit stort prosjekt som vi ikkje var bemanna for. Det blei veldig, veldig mykje. Vi kunne ha henta inn meir folk, men ville heller bruke pengane på utstyr. Vi køyrde oss i kjellaren.

- Korleis klarte du det?

- Jobben er hobbyen min. Eg stortrivst med å jobbe og sjå at vi klarer å skape resultat og drive ting framover. Det har vore mange motivasjonspiller undervegs. Forhandlingar som kan avsluttast, og at vi held oss under budsjett. Ein må lage seg små mål som ein løyser inn undervegs. Den største utfordringa er nok det familiære. At du kanskje føler at du ikkje bidreg nok heime, og at du ikkje får nok tid med barna. Men eg klarer å kople av når eg kjem heim.

- Og du svarte på e-post frå NHH klokka halv to på natta?

- Eg treng lite søvn. Det hjelper på.

Uroleg, nei!

Karlsen jobbar stort sett kvar kveld og i alle helgar, men han sit ikkje heile laurdagar og søndagar med Mack-jobb.

- Uroar du deg for oppgåver du skal møte måndag morgon?

- Eg er aldri uroleg. Det er kanskje ein ulempe, og eg merkar det sjølv når eg ser folk rundt meg bli nervøse, og så lurer dei på kvifor eg ikkje blir det. Eg kan ha litt sommarfuglar i magen når eg skal presentere noko stort og viktig og må ta ting på sparket. Men eg uroar meg aldri for å møte problemstillingar på jobb.

- Du har vore leiar i mange år, trass i at du er så ung, og du har erfart kva som fungerer for deg. Når du observerer andre leiarar, ser du kva som ikkje fungerer?

- Noko av det eg har vore flinkast til, er å analysere akkurat dette. Kva har dei vore flinke eller ikkje flinke til som leiarar? Det er eg veldig bevisst på. Eg har sikkert teke med meg nokre dårlege ting på vegen, men eg har lært mykje av gode leiarar.

Artikkelen er hentet fra NHH Bulletin nr 1 2014


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive