Kampen om Catalonia

I møtet med kravet om eit uavhengig Catalonia, nyttar sentralregjeringa i Madrid heile arsenalet av skremselspropaganda, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i BT 6. mars

06.03.2014 - Johannes Nymark


Eit uavhengig Catalonia vil føra til økonomisk ruin, ingen land vil godta eit slikt regime, landet blir ståande utanfor EU og blir ein paria i internasjonal politikk. Og som om ikkje dette var nok: Kva liga skal FC Barcelona spela i? Må dei spela mot Sabadell, Girona og sitt eige B-lag?

Sentralregjeringa i Madrid nyttar heile arsenalet av skremslepropaganda for å overtyda katalanarane og resten av det spanske folket om at det ikkje tener Catalonia sine interesser å erklæra seg uavhengig av Spania.

Det går dessutan mot grunnlova sidan den ikkje gjev høve til uavhengigheit for delar av det statlege territoriet. «Det blir inga folkerøysting», hevdar den spanske regjeringssjefen Mariano Rajoy skråsikkert, som svar på at det katalanske regionalparlamentet har lyst til folkerøysting 9. november i år, for at folket skal få avgjera kva status Catalonia skal ha i framtida.

«Skal folket konsulterast, må det vera heile det spanske folket, ikkje berre katalanarane», seier Rajoy. Sentralstyresmaktene i Madrid spekulerer òg i at skottane seier nei til sjølvstende i september og at dette vil slå negativt ut for Catalonia.

Vendepunktet for Catalonia

Presidenten i Catalonia, Artur Mas, svarer at det ikkje er regjeringa i Madrid eller den spanske grunnlovsdomstolen som skal avgjera framtida for katalanarane, det skal dei sjølve gjera gjennom fritt å uttrykkja meininga si.

At det i det heile skulle bli spørsmål om folkerøysting for Catalonia var det ikkje mange som såg føre seg berre for få år sidan. Men 10. juli 2010 blei eit vendepunkt i katalansk politikk.

Den dagen tok ein million til gatene i Barcelona i protest mot at den spanske grunnlovsdomstolen ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret.

Stolte nasjonalistar

Denne domstolen blanda seg òg direkte inn i den politiske diskursen i Catalonia då han uttala seg mot at katalanarane skulle nytta termen «nasjon» om regionen dei bur i.

Dette er vanleg mellom mange katalanarar, og Artur Mas vender seg gjerne til folket i Catalonia med helsinga «Kjære landsmenn!».

På grunn av dei negative assosiasjonane som her til lands er knytte til termen «nasjonalist» etter fascismen og nazismen sine herjingar, kan ein nordmann bli meir enn sjokkert når ein opplever katalanarar som krye presenterer seg som nasjonalistar.

Sjølve nyttar dei termen i tydinga «alle undersåttane i motsetnad til kongedømmet eller små privilegerte grupper», ifølgje historikaren Pierre Vilar, som var spesialist på katalansk historie.

Nyttar vi termen «nasjonalkjensle» der katalanarane seier «nasjonalisme», er vi nok meir på bølgjelengd.

Opne for nye idear

I Catalonia nektarein for at den kata-lanske identiteten har noko med etnisk sjåvinisme å gjera, slik ein del vitskapsfolk utanfor regionen hevdar. Katalanarane viser til at denne regionen historisk sett har vore open mot nye idear utanfrå og også har hatt stort tilsig av innbyggjarar både frå andre delar av Spania og frå andre land og verdsdelar.

I staden tuftar dei sin identitet på det kulturelle, spesielt slik det har stått fram dei siste to hundreåra. Som turist opplever ein til dømes den modernistiske arkitek- turen både som særprega for regionen og noko katalanarane ønskjer å visa fram.

Verk som den monumentale kyrkja La Sagrada Familia og Güell-parken av Antoni Gaudí er blitt allemannseige ved at UNESCO har erklært dei for å vera del av den kulturelle verdsarven, saman med mange andre verk frå denne epoken.

Har evene til fornying

Den kulturelle modernismen skulle skrivast inn i nasjonale katalanske rammer og var kjenneteikna av ein vilje til å endra det katalanske samfunnet gjennom det ein kalla ei politisk-kulturell rørsle.

Dette la grunnlaget for eit tett samarbeid mellom kunstnarar, politikarar og næringsliv, som gjerne sponsa kunstverk, viss dei då ikkje tinga store, somme vil seia stormannsgalne, prosjekt på eiga hand.

Den katalanske modernismen er, slik mange katalanarar ser det, symptomatisk for måten det katalanske folket løyser utfordringar og problem med originalitet, evne til fornying og eit ope sinn utover.

Ei slik skaparevne finn ein att, ifølgje denne teorien, ikkje berre i kunst og kultur, men like mykje i næringsliv og politikk, for ikkje å snakka om FC Barcelona, denne klubben som i dag er eit fotballikon for Catalonia.

FC Barcelona si rolle

El Barça, més que un club («FC Barcelona, meir enn ein klubb») har sidan 1968 vore eit motto som viser til bandet mellom klubben og den katalanske identiteten.

Ved å få FC Barcelona med på laget klarte dei politisk leiande sektorane i Catalonia å få med seg også dei store folkelege gruppene i arbeidar- og underklassen.

Med ein fotballfilosofi basert på estetikk, originalitet og kreativitet fører dagens Barça vidare tradisjonen frå den modernistiske arkitekturen, heile tida kontrollert av det folkekulturen i Catalonia kallar for «seny» og som katalanarane sjølve reknar som typisk for folka i regionen: den mentale likevekta og ei realistisk oppfatning av kva ein faktisk kan få ut av ein konkret situasjon.

«Leve FC Barcelona! Leve Catalonia!» kan ein i dag høyra når Barça spelar på heimebane.

I desse kampane bryt tilskodarane ut i taktfaste rop «I-Inde-Independència» rundt det 17. minuttet og 14. sekundet i kvar omgang. 17:14 markerer året 1714, det året då Barcelona fall i hendene på Bourbon-dynastiet, som to år etter avskaffa dei særeigne institusjonane og rettane som Catalonia hadde hatt i fleire hundre år.

For dei nasjonalt innstilte av dei vel 7,5 millionar katalanarane representerer 11. september 1714 dagen då katalanarane starta kampen for å vinna tilbake den tapte fridommen.

Språket ein identitetsmarkør

Saman med el Barça er det katalanske språket identitetsmarkør for svært mange katalanarar.

Sidan dei fekk indre sjølvstyre i 1979 har mange i Catalonia kjempa for at språket skal nyttast på alle domene i samfunnet. Difor kasta utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert eld på det katalanske bålet då han tok til orde for å «spanjolisera dei katalanske ungane».

Åtaka frå det regjerande høgrepartiet PP (Partido Popular) blir sette inn der det smerter mest for katalanarane: mot det katalanske språket og mot el Barça, der både einskildspelarar og sjølve laget blir skulda for økonomisk snusk.

Det kan for så vidt henda at desse åtaka blir ein bumerang og styrkjer den katalanske einskapen.

Blir det noko av folkerøystinga i november, ligg tilhengjarane av uavhengigheit godt an, jamvel om meiningsmålingane sprikjer og måten spørsmåla blir stilte på i desse målingane, er blitt ein del av kampen om Catalonia.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive