Takka av etter 38 år

Kurt Petersen, Avslutningsmarkering mai 2014 (Foto: Hallvard Lyssand)

Torsdag vart Kurt Petersen takka av etter 38 år som tilsett ved NHH. - Eg trur eg har blitt her så lenge av di eg har fått driva ulike former for «byggjeverksemd» heile tida, sa Petersen.

16.05.2014 - Hallvard Lyssand


I august 1976 byrja Kurt Petersen «på golvet» i Studieadministrasjonen ved NHH. Då hadde han alt studert ved høgskulen i nokre år, og når han no vert pensjonist, kan han altså sjå tilbake på over 40 år ved høgskulen.

Torsdag var både noverande og tidlegare kollegaer og samarbeidspartnarar invitert til mottaking i Jebsen-senteret for å markera Petersens avgang.

- Dette har vi gledd oss til lenge, opna administrerande direktør Nina Skage, og hausta dermed latter frå både hovudpersonen og dei mange frammøtte.

Kurt Petersen, mottaking mai 2014 (Foto: Hallvard Lyssand)
Nye og gamle kollegaer frå fagstaben og administrasjonen ved NHH, samt representantar for eksterne samarbeidspartnarar stilte mannsterkt for å heidra Kurt Petersen torsdag.

- Viktig for NHH si utvikling

Rektor Frøystein Gjesdal byrja med den næraste historia då han gav eit riss av Petersens lange og innhaldsrike karriere i NHH-administrasjonen.

- Du har stått på for å fullføra viktige prosjekt og har hjelpt høgskulen i ei utfordrande tid, sa Gjesdal, og trakk fram at Petersen på tampen av karrieren var fungerande administrerande direktør.

Petersen har hatt fleire ulike stillingar i si tid ved NHH. Før han vart assisterande direktør i 2002, hadde han m.a. vore studiesjef i ei årrekkje.

- Kurt har hatt stor betyding for NHHs utvikling i nyare tid. Som studiesjef var han til dømes sentral for utviklinga av doktorgradsutdaninga og etter- og vidareutdanninga.

- Samtidig har du hatt ein finger med i alt og med ein særleg kjærleik for NHH sin infrastruktur, fortsette Gjesdal.

Petersen har vore tungt involvert i store byggeprosjekt frå utviklinga av Merinobygget på -80-talet, via utvidinga av Studieadministrasjonen til realiseringa av Servicebygget, nybygget og til sist Jebsen-senteret.

I tillegg har han representert NHH i nasjonale utviklingsprosjekt som Felles studentsystem (FS) og Samordna opptak.

Lojal, ambisiøs, kompetent, sta, beskjeden

Gjesdal summerte ved å nemna det han meinte var nokre sentrale eigenskapar som kjenneteiknar Petersen:

- Du er svært lojal og ambisiøs på NHH sine vegner, og har arbeidd steinhardt for å nå måla til høgskulen. Du har svært høg kompetanse,og innspela dine er alltid gode. Samstundes er du sta, noko som vel er ein del av pakken «ambisiøs og kompetent.» I tillegg er du beskjeden. For deg tyder det lite kven som får æra, berre så lenge ein oppnår det ein vil, sa Gjesdal, og avslutta med å takka for innsatsen.

Kurt Petersen, motaking mai 2014 (Foto: Hallvard Lyssand)
Rektor Frøystein Gjesdal takka Kurt Petersen og overrekte ei lita utgåve av spegelkunstverket som heng i nybygget, Viserektor Gunnar E. Christensen til venstre.
Kurt Petersen, mottaking mai 2014 (Foto: Hallvard Lyssand)
Gåvedrysset over Petersen inkluderte ei bålpanne med diverse tilbehør. Adm. dir. Nina Skage stod for overrekkinga.

38 års byggjeverksemd

- Kvifor har eg blitt på ein stad så lenge? Eg trur det er fordi eg har fått driva ulike former for «byggjeverksemd» heile tida, sa Petersen i si helsing til dei frammøtte.

- Først var det noko så lite handgripeleg som studieplanar. Seinare vart det administrative strukturar og til slutt faktiske bygningar. Slik det er framstilt i dag kan ein nesten få inntrykk av at ein har vore åleine om tinga, men slik er det sjølvsagt ikkje, sa Petersen, og trakk fram samarbeidet med gode kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.

- Og kva no? No flyttar eg til eit meir ekspansivt fylke, nemleg Rogaland, lo Petersen og viste fram bilete frå sitt neste, høgst private byggeprosjekt på heimstaden.

Kurt Petersen, mottaking mai 2014 (Foto: Hallvard Lyssand)
Petersen har vore sentral i ei rekkje store byggjeprosjekt ved NHH. Torsdag vart eit av dei mest onmfattande prosjekta, nybygget, oppsummert gjennom vising av ein timelapse-film som fanga heile byggeperioden.
Kurt Petersen, mottaking mai 2014 (Foto: Hallvard Lyssand)
Etter 40 år ved NHH returnerer Kurt Petersen til Rogaland og blir pensjonist. - Eg er nøgd med dei 40 åra her. - Takk og lukke til vidare, var han helsing til høgskulen.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive