Forskinga er global

Forskingsinstitusjonar må vera ambisiøse aktørar i den globale arbeidsmarknaden, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs i BT 13. mai.

15.05.2014 - Aksel Mjøs


BT har fokusert på at ein stor del av doktorgradskandidatane flytter ut etter fullført utdanning. Viserektor Anne Christine Johannessen ved Universitetet i Bergen argumenterer i lesarbrev i BT 10.5. for at utanlandske doktorgradsstudentar aukar miljøet.

Det er vel og bra, men eg saknar ein viktig dimensjon, nemleg at forsking og forskarar må alle vera del av eit globalt samspel.

Føremålet med forskinga er å finna ny, viktig innsikt, samt å vera grunnlaget for oppdatert og relevant undervisning av studentar. Dette krev og at institusjonane og forskarane tek del i ein global arbeidsmarknad. Det vil si samstundes som nyutdanna frå norske universitet og høgskular søkjer seg ut, må det vera like naturleg at desse institusjonane rekrutterer nyutdanna (og andre) forskarar internasjonalt. Då kan ein byggja best mogleg miljø ved å rekruttera dei beste ein greier å få med seg.

Det norske tilfanget av gode forskarar er nødvendigvis svært mykje mindre. «Placement», eller kor gode universitet ein greier å plassera sine nye doktorgradskandidatar i, er eit av nøkkelkriteria for institusjonskvalitet. Det er sjølvsagt ein sterk indikasjon om nyutdanna hamnar i Oxford eller Sogndal.

Ved Norges Handelshøyskole har vi ein lang tradisjon for internasjonal fagstab. Ved Institutt for Finans, der eg arbeider, er seks av 14 tilsette rekruttert frå gode universitet i Europa og USA. Desse er ei vesentleg beriking av miljøet, strålande forskarar og svært høgt vurderte forelesarar. I aukande grad melder dei seg og inn i debattar og samfunns­samanhengar der det er naturleg. Vi er langt frå i balanse, men prøver kvart år å rekruttera dei beste vi kan, sjølv om Bergen sjeldan er førstevalet for dei aller beste kandidatane.

Institusjonar som NHH underviser framleis også på norsk og har ei samfunnsrolle som krev norsk innsikt og dette gjer at dette ikkje er svart/kvitt. Mitt poeng er likevel at forskingsinstitusjonar som skatte­betalarane betalar for, må vera ambisiøse aktørar i den globale arbeidsmarknaden, elles fyller ein ikkje oppdraget.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive