Nytt forskingssenter på NHH

Eit nytt forskingssenter er etablert på NHH. Centre for Empirical Labor Economics (CELE) skal bidra til at forskinga på arbeidslivsspørsmål blir styrka.

27.06.2014 - Øyvind Torvund


- Vi har bygd opp ei solid gruppe av forskarar som jobbar med tema innan empirisk arbeidsøkonomi. Vi har fleire store og langvarige prosjekt pågåande, og difor er det bra å ha eit senter som styrkar og synleggjer arbeidet innan dette feltet, seier professor Kjell G. Salvanes på Institutt for samfunnsøkonomi.

Stor aktivitet

Totalt er det nærmare 10-15 forskarar som er tilknytt senteret. Områda som det blir forska på er mellom anna arbeidsmarknad og omstilling, utdanning og spørsmål knytt til tidleg investering i borns helse og utdanning. Salvanes ventar stor aktivitet frå forskarane ved senteret.

- Vi arrangerer seminar kvar veke. Her får forskarane som er tilknytt senteret mulegheit til å presentere arbeida sine. I tillegg inviterer vi eksterne forskarar til å halde relevante presentasjonar. Det vil også bli arrangert to-tre workshopar i løpet av året saman med internasjonale forskargrupper vi arbeidar med i USA og England, seier Salvanes.


Etterspurt forsking

Fleire av workshopane blir også lagt til utlandet. Vidare vil det bli arrangert årlege PhD-kurs innan vårt fagområde. Salvanes seier det er stor interesse for denne type forsking.

- Både styresmaktene og organisasjonane etterspør denne type forsking. Dessutan vil opprettinga av senteret no også gjer oss meir synlege overfor studentar, andre forskarar og samfunnet for øvrig, seier Salvanes

Sjå nettsidene til Centre for Empirical Labor Economics (CELE) her


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive