FIBE er i gang

Rektor Frøystein Gjesdal opna den 31. utgåva av FIBE torsdag.

09.01.2014 - Øyvind Torvund


Tittelen på årets konferanse er «Etter den siste olje», som viser til dei utfordringane som Noreg står overfor når olja si betyding som økonomisk drivkraft avtek.

Rundt 200 deltakarar er påmeldt til konferansen i år.

- Det ligg til rette for spennande konferansedagar, der fleire gode forskingsbidrag skal diskuterast, sa Gjesdal under opninga.

Det første plenumsføredraget var det professor Melissa Schilling frå New York University Stern School of Business som heldt.

Ho snakka om korleis ein kan legge til rette for innovasjon og kva som kjenneteiknar dei største innovatørane.

- Dei må få tid til å dyrke interessene sine, vi må oppmuntre til individualisme og akseptere folk med eksentriske personlegdommar, sa Schilling.

STOLT: Ein stolt rektor kunne for første gong ynskje deltakarane på FIBE-konferansen velkommen i nybygget ved NHH. Frøystein Gjesdal har sjølv delteke på 28 av dei totalt 31 FIBE-konferansane som er blitt arrangert.
Foto: Helge Skodvin

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive