- Åtferdsøkonomien kan løyse store problem

Det måtte ekstra auditorium til for å få plass til alle som ville få med seg "Life is a Lab" med dei verdskjende økonomane John List og Uri Gneezy.

30.01.2014 - Øyvind Torvund


- Innsikta frå åtferdsøkonomien kan hjelpe oss til å redusere store sosiale problem. Det kan vere alt frå å hindre ungdomsdrap, tenåringsgraviditetar og fråfall i skulen som alle har vore store problem i Chicago, sa professor John List frå University of Chicago under sitt innlegg.

Saman med Uri Gneezy har han nyleg gitt ut boka The Why Axis: Hidden Motives and the Undiscovered Economics of Everyday Life. Den avdekkar kva som motiverer menneske og kva slags insentiv som kan få oss til å endre åtferd.

Han viste også korleis økonomiske insentiv kunne få lærarar til å hjelpe elevane til å gjere det betre på skulen.

I eit eksperiment vart det utbetalt bonusar til lærarar dersom elevane deira forbetra resultata sine. Den eine gruppa ville få utbetalt bonusen på slutten av skuleåret dersom elevane hadde forbedra seg. Den andre gruppa av lærarar fekk utdelt bonusen i starten av året, men fekk beskjed om å betale tilbake dersom elevane ikkje forbetra seg.

- Ifølge standard økonomiske modellar skulle resultata vere noko lunde det same uavhengig av kor tid du fekk bonusen. Resultata viste likevel at det var elevane til gruppa av lærarar som fekk utdelt bonusen i starten av året som hadde klart størst framgang. Dette viser at dersom vi får noko , så vil vi jobbe veldig hardt for å ikkje tape det. Lærarane gjorde grundigare arbeid før dei gjekk vidare til neste oppgåve, sa List.

Professor Uri Gneezy frå UC San Diego viste eksempel på korleis insentiv kan få oss til å trene meir og la bilen stå når vi skal på jobb.

Men han viste også til eksempel der insentiv kan virke mot sin hensikt. Som for eksempel barnehagen som innførte tre dollar i bot for foreldre som henta borna sin for seint i barnehagen. Det resulterte berre i at fleire foreldre kom for seint.

-Bota må vere stor nok dersom det skal fungere, sa Gneezy.

Duoen var invitert til Bergen for å feire utdanningskvalitetsprisen som NHH vann for faget økonomi og psykologi. Bertil Tungodden og Alexander Cappelen er ansvarlege for kurset. Under arrangementet fekk også tilhøyrarane delta i eit eksperiment som testa kor sjølvopptekne og rasjonelle folk er.

Programmet i Aulaen vart avslutta med ein debatt der ein diskuterte kvifor åtferdsøkonomi er viktig for studentar. Alle som kom på arrangementet fekk kvar si utgåve av boka til Gneezy og List, «The Why Axis».

Alexander Cappelen og Bertil Tungodden saman med Uri Gneezy frå UC San Diego og John List frå University of Chicago.
Foto: Helge Skodvin

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive