FIBE-konferansen om framtida til økonomiutdanninga

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet held hovudføredraget under FIBE-konferansen i januar.

08.12.2014 - Øyvind Torvund


Konferansen blir arrangert på NHH 8. og 9. januar og har som tema «I støypeskeia?». Dette viser spesielt til situasjonen som økonomiutdanninga er i med spørsmål om strukturen i sektoren, innhald i utdanninga og kva behov arbeidsmarknaden har.

Overskot av økonomar

Haugstad frå Kunnskapsdepartementet skal i føredraget snakke om regjeringas mål og verkemiddel for høgare utdanning i økonomisk-administrative fag.

- Det var naturleg for oss å velje dette temaet med tanke på dei store utfordringane som sektoren står overfor. Regjeringa har varsla at det kan bli betydelege endringar i tida som kjem, seier leiar for FIBE-konferansen, Petter Bjerksund.

SSB-forskar Ådne Cappelen vil halde det andre hovudføredraget om utviklingstrekk i arbeidsmarknaden. Her vil han mellom anna ta føre seg framtidig etterspørsel etter arbeidskraft med økonomisk-administrativ utdanning.

- For ei tid tilbake kom det ein rapport som viser at det i 2025 vil være eit overskot på 60.000 personar med utdanning innan økonomi- og administrasjonsfag. På den andre konferansedagen følgjer vi opp desse innlegga med ein paneldebatt, seier Bjerksund.

Viktig møteplass

FIBE-konferansen er etablert som den viktigaste møteplassen for det norske bedriftsøkonomiske forskings- og høgare undervisningsmiljøet. Den tek opp aktuelle tema og har som mål å forsterke og stimulere forsking, samt vidareutvikle nettverket mellom forskarar frå ulike utdannings- og forskingsinstitusjonar.

Begge dagane blir det heldt parallelle sesjonar der forskarane får høve til å presentere og diskutere forskingsarbeida innanfor heile spekteret av bedriftsøkonomiske emne.

- Totalt vil det vere 7-8 parallelle sesjonar der forskarar får mulegheit å presentere forskingsarbeid med tanke på seinare publisering i tidsskrift. Konferansen er spesielt retta mot yngre forskarar. For dei som ser føre seg ei karriere i akademia får dei her god trening i å presentere forskinga dei held på med, seier Bjerksund.

Prisutdeling

Under konferansen blir det også delt ut to prisar. Forlagenes Fagpris er på 20.000 kroner og går til det beste forskingsbidraget på konferansen frå ein yngre forskar. Prisen er gitt av forlaga Cappelen Damm Akademisk, Fagbokforlaget og Gyldendal Akademisk.

I tillegg er det oppretta ein ny pris til minne om professor Odd Nordhaug. Denne prisen er også på 20.000 kroner og vil bli delt ut annankvart år på FIBE-konferansen. Prisen går til beste artikkel som er publisert i tidsskriftet Beta dei to føregåande åra. Nordhaug var redaktør for tidsskriftet i mange år.

Påmelding til konferansen gjøres på FIBES nettsider.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive