Oppklaring om ladeplassane på NHH
Stadig fleire skaffar seg ei eller anna form for ladbar bil. Her følgjer nokre oppmodingar og oppklaringar om bruken av NHH sine ladeplassar.
29.08.2014 - Red.
Det er no sju ladeplassar for ladbare bilar ved Aulaen. Plassane har vore i drift ei stund og er stort sett i bruk heile arbeidsdagen.
Det er likevel få ladeplassar og det er naudsynt at dei einskilde brukarane ikkje bruker plassane lenger enn det som må til for å lada opp bilen. Slik kan fleire få lada i løpet av dagen.
Brukarane vert oppmoda om å vise omsyn og samarbeida om optimal bruk av plassane.
Det har også kome spørsmål om kva bilar som kan og har rett til å bruka ladeplassane.
Svaret er el-bilar og plug in-hybridar, slik det er ved alle andre offentlege ladeplassar.
|