| Innfører IP-telefoniNHH går i dag, måndag 6. mai, klokka 0800 over til IP-telefoni. Her følgjer litt grunnleggjande informasjon for å koma i gang.   06.05.2013 - Red. 
 • Det er delt ut nye telefonar av typen Aastra 6721ip. • Overgongen til IP-telefoni skjer 0800. • Alle brukarar må logga seg på telefonen. Påloggingsinformasjon går ut til alle tilsette på e-post måndag morgon (6. mai, 2013). • Det er ikkje lenger naudsynt å tasta 0 for å få ekstern linje. Spørsmål eller behov for hjelp? Kontakt din lokale IT-brukarstøtte. • Sentralbordets nummer er 59000. (Nummeret 10 vert ikkje nytta lenger.) • Ein kan søka etter telefonnummer til tilsette på NHH (fornamn eller etternamn) via telefonens tastatur. Jo fleire bokstavar ein tastar, jo meir avgrensa vert søket. • Telefonen kommuniserer med Outlook-kalenderen. Fråværsmarkering skjer automatisk basert på informasjonen som er lagt inn i kalenderen. Det er berre fråværsgrunn og tidsrom som vert synleg. (Døme: Møte. Frå 14.15-til 16.00) • Det er ikkje delt ut headsett saman med telefonane. Dei som nytta PC-klient kan likevel får utlevert headsett. Bruk av PC-klienten gjev betre oversikt over kontaktar og samtalar og opnar for fleire funksjonar enn dei utlevert telefonane. Dei som nyttar telefonen mykje kan derfor med fordel nytta PC-klienten. Informasjon om andre funksjonar kjem seinare. Les bakgrunnsinformasjon i tidlegare sak på Paraplyen |