Arrangerer CEMS Nordic Forum 2013

CEMS Nordic Forum 2013

CEMS Nordic Forum er det største årlege studentarrangementet for CEMS-studentar ved dei nordiske CEMS-institusjonane. I år er CEMS Club Bergen vertskap. In English

13.02.2013 - Red.


Ansvaret for å arrangera CEMS Nordic Forum går på omgang mellom dei fire nordiske CEMS-medlemane, NHH, Copenhagen Business School, Handelshögskolan i Stockholm og Aalto University School of Business, og i år er turen kome til NHH.

Årets forum finn stad frå 3. til 6. april og samlar CEMS-studentar og næringslivsrepresentantar til diskusjonar og gjensidig læring og inspirasjon.

Nordic Forum var oppretta for å styrka samarbeidet mellom dei nordiske skulane, og hovuddelen av deltakarane kjem derfor frå desse institusjonane. Men det vert også invitert om lag 90 utvalde studentar frå dei andre CEMS-skulane verda rundt.

Årets forum har fått tittelen "Defining the Success Formula," og skal sjå på korleis vi kan bevega oss mot ei berekraftig framtid, samt om jakta på nytt talent og innovative idear og entreprenørskap.

Deltakarane kan få styrka kunnskapane sine gjennom ei rekkje ulike seminar. Samstundes er forumet ein viktig plattform for både profesjonell og personleg nettverksbygging over landegrenser.

Les meir på cems.nhhs.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive