| Utvida frist for nominasjonFristen for å nominera kandidatar til valet til NHH-styret frå gruppa mellombels tilsette i forskings- og undervisingsstillingar er utvida til tysdag 30. april. Dei nominerte frå dei andre gruppene av tilsette er klare og vert presenterte her. In English 26.04.2013 - Red. 
 22. og 23. mai skal det veljast nytt styre ved NHH. Ved val av medlemmer til styret er dei røysteføre delt i fire grupper som nominerer og vel styremedlemmer kvar for seg. Fristen for å nominera kandidatar til valet var 23. april, men då fristen gjekk ut var det berre kome inn to forslag til kandidatar frå gruppa mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling. Dette er for få til at valet kan gjennomførast. Fristen for å nominera kandidatar i denne gruppa er derfor utvida til tysdag 30. april. Mellombels tilsette i undervisings- og forskarstilling vel eitt styremedlem og to varamedlemmer. Alle som kan røysta i det aktuelle valet har forslagsrett. Send forslag til Valstyret ved sekretær Andreas Hjortland innan 30. april. Nominerte frå denne gruppa vil bli presenterte når den utvida fristen er ute. Innkalling til val av styremedlemmer for dei tre gruppene av tilsette vert sendt ut 8. mai. Val av styremedlemmer blir gjennomført elektronisk 22-23. mai. Fast tilsette i undervisings- og forskarstilling vel to styremedlemmer og tre varamedlemmer. Følgjande er nominerte:Mette Bjørndal
 Iver Bragelien
 Paul Gooderham
 Ingeborg A. Kleppe
 Vidar Schei
 Siri Pettersen Strandenes
 Øystein Thøgersen
 Karin Thorburn
 Trond Bjørnenak er også nominert, men er styrerepresentant i inneverande perioden og har varsla at han vil nytta retten til ikkje å stilla til val for ein ny periode. Teknisk og administrativt tilsette vel eitt styremedlem og to varamedlemmer. Følgjande er nominerte:Atle Askeland
 Maja Dame
 Inger Eikeland
 Bjarte Grønner
 Morten Hilt
 Arild Schanke
 Gro Tufte
 Studentane valde to styremedlemmer og to varamedlemmer tidlegare i april. Sjå resultatet på nhhs.no Sjå også www.nhh.no/valg |