Sjølvbetening i biblioteket

Sjølvbetening i biblioteket (Foto: Hallvard Lyssand)

Sist veke vart det installert ein ny utlånsautomat og nye alarmportar i biblioteket. No kan ein enkelt låne og kvittere ut bøker heilt på eiga hand.

10.09.2012 - Red.


Det har i løpet av sommaren vore lagt ned eit stort arbeid på å klistra radiobrikker i over 60 000 dokument.

Radiobrikker, også kalla RFID, er noko stadig fleire bibliotek tek i bruk som erstatning for dei gamle strekkodane.

Den nye teknologien gjer det enklare å innføre sjølvbetent utlån.

I tillegg vil bruk av radiobrikker forenkle retur av bøker og gjere det mogleg å skanne hyllene etter feilplasserte bøker.

Masterstudent Espen Bolghaug testra NHH-bibliotekets utlånsautomat (Foto: Hallvard Lyssand)
Masterstudent Espen Bolghaug testa NHH-bibliotekets utlånsautomat på oppfordring frå Paraplyen, og vart på eit blunk den heldige lånar av verket Game-Changing Strategies.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive