Samlast til styremøte
Måndag 10. september kjem NHH-styret saman til første møte i haustsemesteret.
07.09.2012 - Hallvard Lyssand
Blant vedtakssakene på måndagens møte er mellom anna risikoanalysar av særleg prioriterte område i 2012 og presentasjon av KPMG sin rapport om informasjonstryggleik ved NHH. Sakspapira i desse sakene er ikkje offentlege.
Blant andre punkt på agendaen er rapport om verksemda i randsoneselskapa i 2011 og godkjenning av vedtektsendringar i stiftinga SNF.
Styret skal dessutan handsama saker om leiingsmodell på institusjonsnivå og resultatkrav til administrerande direktør.
Les sakspapira til styremøtet på nhh.no
|