Samfunn blant dei beste på undervisning

NHH frå Byfjorden

Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH er på åttande plass på Financial Times si liste over Europas ti beste innan undervisning i samfunnsøkonomi.

25.09.2012 - Hallvard Lyssand


Då Financial Times skulle utarbeida rangeringa Masters in Management 2012 sende dei ut spørsmål til 13500 tidlegare studentar frå deltakarskulane.

I tillegg til å svara på spørsmål som var direkte relatert til sjølve rangeringa, vart deltakarane bedne om å rangera undervisninga i ei rekkje fag ved sine skular.

Dei over 5600 svara som kom inn vart nytta til å setja saman topp ti-lister med dei beste undervisningsstadane på ulike fagområde.

På lista Topp 10 for Economics er NHH på åttande plass, og dermed fremst i Norden.

Professor og instituttleiar Øystein Thøgersen er godt nøgd med resultatet.

- For eit institutt med ambisjonar er forsking veldig viktig. Men vi er jo eit institutt på ein business-skule, og då er undervising like viktig. Forsking av toppkvalitet skal følgjast av like høg kvalitet på undervisingssida. Financial Times-lista dokumenterer at vi lukkast på undervisingssida. Det er våre tidlegare studentar som melder tilbake at vi er gode på dette feltet. Det er vi stolte av, og vi skal jobba hardt for å bli endå betre, seier Thøgersen.

- Det er ikkje første gong Institutt for samfunnsøkonomi er på denne lista. Kva gjer de rett?

- Pedagogisk kompetanse og kvalitet i kombinasjon med forskingsbasert undervising er den fremste årsaka. Men det er også sentralt at dei tilsette på instituttet får under huda at undervising er ei like viktig kjerneoppgåve som forsking. Det kommuniserer vi til alle, og særleg til alle nytilsette, sluttar Thøgersen.

University of St. Gallen toppar både samfunnsøkonomilista og sjølve Masters of Management-lista for 2012.

Sjå topp ti-listene for ulike fagområde på ft.com


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive