Reviderte revisorrolla

NHH Forum 2012 (Foto: Odd Mehus)

Storparten av tida arbeider revisorar i det stille og ute av syne for verda. Men så kjem det ein kjempeskandale, og brått hamnar dei i det nådelause rampelyset. Under NHH Forum tysdag gav toppane frå eit par av dei store i bransjen sine syn på både skandalar og vegen til suksess.

05.09.2012 - Tekst: Hallvard Lyssand Foto: Odd Mehus


Aulaen vart så full at mange interesserte måtte avvisast i døra då NHH inviterte til NHH Forum i samarbeid med PwC og Ernst & Young tysdag.

Årets arrangement var det femte NHH Forum i rekkja, men det første der toppsjefane frå to konkurrerande selskap stilte saman på scena.

Publikumstilstrøyminga botna nok delvis i at Erik Mamelund (E & Y) og Håvard Abrahamsen (PwC) hadde lova å snakka om både skandalar og suksesskriterium.

Samstundes er det sannsynleg at svært mange av publikumarane kom for å få eit glimt av ein framtidig arbeidsgjevar.

- Eit sjokkerande høgt tal NHH-studentar byrjar i eit av desse selskapa, konstaterte konferansieren, professor Alexander W. Cappelen frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Nhh Forum 2012: salen (Foto: Odd Mehus)
Revisorspirer: Om lag halvparten av NHH-studentane får sin første jobb innan revisjon eller konsulentverksemd, ifølgje professor Karen Modesta Olsen. Tysdag stilte fleire hundre av revisorspirene i aulaen for å høyra på toppsjefane frå PwC og Ernst & Young.

Røvarroman

- I dag skal vi utsetja revisorane for revisjon, sa same Cappelen, og la til at arrangementets undertittel, Behind the Scenes: The Scandals and Secrets to Success, gav visse assosiasjonar til smusslitteratur.

Ein del av døma på skandalar der revisjonsselskap har hamna i søkelyset er då også røvarhistorier av episke proporsjonar med vidtrekkande konsekvensar. Og sjølv då temaet var løyndommane bak suksessen deira som leiarar, trakk både Mamelund og Abrahamsen fram personlege døme på saker der dei har møtt store profesjonelle utfordringar.

Som leiar i den norske avdelinga av selskapet Arthur Andersen, fekk til dømes Mamelund kjenna ein verkeleg skandale på kroppen då heile den tradisjonsrike revisjonsgiganten gjekk med i dragsuget frå Enron-konkursen.

- De vil møta tøffe situasjonar der presset vert svært stort frå ulike hald og med store etiske dilemma. Då handlar det til sjuande og sist om dykkar personlege integritet, mot og sjølvtillit, sa han, og bad studentane om å vera budde på å ta risiko og å gjera det dei meiner er rette val.

- Leiarskap handlar om å verkeleg ta ansvar, å byggja team som har kompetanse og integritet nok til å stå for det dei meiner er rett sjølv når presset er som verst, supplerte Abrahamsen.

Håvard Abrahamsen og Erik Mamelund, NHH Forum 2012 (Foto: Odd Mehus)
Personleg: Håvard Abrahamsen (PwC) og Erik Mamelund (E & Y, i bakgrunnen) snakka om suksess, press, skandalar og ansvar ut frå eigne erfaringar.

Skandalane

Ernst & Young-partnar Finn Kinserdal, som også er professor II ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap, tok publikum med på ei rundreise gjennom nokre av dei verste norske og internasjonale skandalane der revisorane har svikta eller har blitt lurt.

- Vanlegvis høyrer ein knapt noko frå revisor anna enn i revisjonsrapportar, og dei er mildt sagt keisame. Revisors arbeid skjer i det stille. Vi har teieplikt og får derfor koma tett på verksemdene. Feil vi finn blir rapportert internt og retta. Det er derfor vi knapt vert sett, sa Kinserdal.

- Men kva med tilfella der vi ikkje gjorde jobben vår? heldt han fram.

Og så kom skandalane som perler på ei snor (med revisorselskap i parentes): frå historiske døme som Arendalskrakket via Enron (Arthur Andersen), Finance Credit (KPMG), Sponsor Service (Ernst & Young) og Nedre Romerike vassverk (PwC) til ferske tilfelle som Troms Kraft/Kraft & Kultur.

Blant fellestrekka ved sakene er til dels avansert bedrageri og svært store pengesummar. Ofte er det tale om svært raskt veksande selskap med sterke, karismatiske leiarar - for øvrig utelukkande menn.

I kjølvatnet deira følgjer konkursar, store økonomiske tap, tap av arbeidsplassar og endelause rettsrundar.

Finn Kinserdal, NHH Forum 2012 (Foto: Odd Mehus)
Skandaleturisme: Finn Kinserdal frå E & Y og NHH tok salen med på ein rundtur i store skandalar med revisorar i sentrale roller.

Ikkje kvardagen

Når dei omtala bedrageria har blitt rulla opp har revisjonsselskapa som svikta også fått svi gjennom bøter, dyre forlik, tap av autorisasjonar og i nokre tilfelle fengselsstraff for ansvarleg revisor.

Både Finn Kinserdal og Håvard Abrahamsen understreka likevel at skandalehistoriene ikkje representerer kvardagen i bransjen.

- Dette er viktige historier som vi må læra av. Men vi må også hugsa at 99,9 prosent av revisjonsoppdraga vert gjort skikkeleg, sa Abrahamsen.

Eit sjeldan syn

Dei fekk støtte frå professor William F. Messier frå University of Nevada, som er både æresdoktor og professor II ved NHH i eit gåveprofessorat frå PwC.

- Det er eit gap mellom det revisorar gjer og det publikum trur revisorar gjer, sa Messier, og la til at revisjonsrapportar ikkje gjer stort for å tetta det gapet.

- Kva tid er det eigentleg nok revisjon? spurte professoren, og heldt fram:

- Er nokon viljuge til å betala for "absolutt forsikring?" Nei. Kan vi forventa at revisjon alltid skal vera perfekt? Nei, igjen, som vi har sett.

- Men kor mykje bedrageri føregår det eigentleg? Svaret er at vi ikkje veit, men eg trur bedrageri er relativt sjeldan. Det tyder at revisorar kjem over få tilfelle av bedrageri i løpet av karrieren, og det som er sjeldan er vanskelegare å oppdaga, hevda Messier.

Professor William F. Messier, NHH Forum 2012 (Foto:Odd Mehus)
Sjeldan: Professor William F. Messier trur bedrageri tross alt er relativt sjeldan, og at det er ei mogeleg forklaring på kvifor grove tilfelle tidvis går under revisor sin radar.

Tett tilhøve, sunn skepsis

Så korleis unngå framtidige skandalar?

I følgje Abrahamsen er ein av nøklane å bli betre på risikoområde og å verkeleg forsikra seg om at styra og bedriftsleiarane ein arbeider for er til å stola på.

- Det dreier seg om å ha eit tett forhold til kundane, men samstundes ha sunn skepsis og krevja dokumentasjon for påstandar, meinte Kinserdal.

I kø for NHH Forum 2012 (Foto: Odd Mehus)
Konsulentkø: Interessa for årets NHH Forum var så stor at aulaen vart full. Mellom 150 og 200 interesserte måtte avvisast i aula-døra og nøya seg med videooverføring til eit auditorium.
NHH Forum, professor Karen Modesta Olsen (Foto: Odd Mehus)
Kvar er kvinnene? Professor Karen Modesta Olsen frå Institutt for strategi og leiing peikte på at leiinga i dei store konsulentselskapa har svært skeiv kjønnsbalanse. - At berre ti prosent av partnarane i PwC er kvinner er ei skandale. Vi må bli betre, vedgjekk PwC-sjef Håvard Abrahamsen.
Erik Mamelund (E & Y) minglar under NHH Forum 2012 (Foto: Odd Mehus)
Mingling: Etter aula-arrangementet fortsette NHH Forum med stands, lunsj og mingling i studentkantina. Her kunne ein m.a. treffa toppsjefane, som Erik Mamelund.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive