Nytt rektorkull på skulebenken

Rektorprogrammet 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)

Tysdag møtte 24 skuleleiarar opp til første time av NHH og AFF sitt rektorprogram.

26.09.2012 - Hallvard Lyssand


Kandidatane som benka seg i auditorium Karl Borch tysdag morgon utgjer det fjerde kullet som i løpet av 14 månader skal gjennom Nasjonalt leiarprogram for rektorar i regi av NHH Executive og AFF.

Dei vart ønskte velkomne av dekan for etter- og vidareutdanning ved NHH, professor William Brochs-Haukedal og avdelingsdirektør Arne Selvik frå AFF, samt dei to som har det overordna faglege ansvaret for programmet, førsteamanuensis Tore Hillestad frå NHH og avdelingsdirektør Arne Kjøde frå AFF.

Selvik fastslo at rektorjobben, og særleg i grunnskulen, må vera noko av det mest krevjande som finst av leiarrollar, med konstant kryssande forventningar frå ei rekkje hald og tidvis sterkt vekslande rammevilkår.

- Her får de det beste NHH og AFF har å tilby. Vi vonar de finn eit pusterom til å dela erfaringar og dilemma med andre kloke menneske, sa Selvik.

- Vi held den akademiske fana høgt og vil vera etterettelege. Men vi vil også vera praktisk orienterte. Det er vanskelegare enn det høyrest ut, men det er derfor koplinga mellom NHH og AFF er så bra, supplerte William Brochs-Haukedal.

Intensivt opplegg

Utdanningsdirektoratet tok initiativet til rektorprogrammet og styrer opptaket. Tilbodet finst no seks stader i landet. Første kull byrja i slutten av 2009 og vart uteksaminerte i 2011. I alt skal det uteksaminerast fem kull.

Målet er å styrka deltakarane si teoretiske forståing og praktiske meistring av leiarrolla for å setja dei betre i stand til å takla ein kvardag med store utfordringar og høge krav frå ei rekkje ulike hald.

Tore Hillestad og Arne Kjøde styrer eit program som består av ni tredagarssamlingar der det vert veksla mellom førelesingar og arbeid i lærings- og utviklingsgrupper.

I tillegg til ei prosjektoppgåve med tilhøyrande disputas, må deltakarane gjennom to individuelle heimeeksamenar for å sikra seg dei 30 studiepoenga kurset gjev.

Stadig meir ettertrakta

Studieleiar Gro Tufte ved NHHE konstatera at opplegget er blitt kjent og ettertrakta.

- Til dette opptaket var det om lag 800 søkjarar til dei 400 plassane på landsbasis. Folk vil verkeleg delta på desse programma, seier ho.

- Kurset er også ope for avdelingsleiarar og inspektørar, og mange skular sender no fleire av leiarane sine for å ta programmet, legg ho til.

Trass i at programmet er arbeidskrevjande og kjem på toppen av allereie travle leiarjobbar, ytrar stadig fleire av deltakarane ønskje om ytterlegare oppfølgingskurs.

Det er Utdanningsdirektoratet som har det overordna ansvaret for rektorprogrammet, og dei har i utgangspunktet bestilt fem kull.

Tufte konstaterer likevel at NHH og AFF kan utvikla ein eventuell tilleggsmodul på eige initiativ om ein ønskjer det.

- Vi har jo også andre leiarutviklingsprogram som er smidd over same leist som rektorutdanninga, og kan derfor få nytte av ei slik utvikling på fleire område, avsluttar ho.

Les meir om rektorprogrammet på nhh.no

Rektorprogrammet 4. kull (Foto: Hallvard Lyssand)
24 skuleleiarar, dei fleste frå Vestlandet, men også folk frå så langt nord som Mo i Rana, utgjer rektorprogrammets fjerde kull.
Arne Selvik, AFF, rektorprogrammet 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
Å vera rektor må vera blant dei tøffaste leiarjobbane som finst, sa Arne Selvik frå AFF.
Dekan William Brochs-Haukedal, rektorprogrammet 4. kull (Foto: Hallvard Lyssand)
- Eg veit noko de ikkje veit. Det blir mykje arbeid, lova dekan William Brochs-Haukedal.
Arne Kjøde og Tore Hillestad, rektorprogrammet 4. kull (Foto: Hallvard Lyssand)
De er dei viktigaste aktørane. Det de tek med dykk av døme er det mest sentrale faktagrunnlaget, sa Arne Kjøde frå AFF til deltakarane. Programleiarkollega Tore Hillestad frå NHH til venstre.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive