Nokut evaluerer NHH

Nokut-evaluering 2012, sakkyndig komite (Foto: Hallvard Lyssand)

I haust skal Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) evaluera NHH sine kvalitetssikringssystem for utdanninga. Torsdag var evalueringskomiteen på ei innleiande vitjing.

07.09.2012 - Hallvard Lyssand


Nokut er eit fagleg uavhengig organ under Kunnskapsdepartementet. Oppgåva er mellom anna å sikra og fremja kvalitet i høgare utdanning. Middelet er tilsyn med og stimulering av utvikling ved utdanningsinstitusjonane.

NHH vart evaluert og fekk kvalitetssikringssystemet sitt godkjent første gong i 2006.

I haust er det ny evaluering. Denne vert gjennomført av ein sakkyndig komité oppnemnd av Nokut.

Torsdag var komiteen, under leiing professor Airi Rovio-Johansson frå Göteborgs universitet, på ei innleiande vitjing. Dei hadde samtalar med representantar for høgskulen si leiing og studentforeininga, både om stoda for kvalitetssikringsarbeidet og om opplegget for sjølve hovudvitjinga, som finn stad frå 30. oktober til 1. november.

Under hovudvitjinga gjennomfører komiteen intervju med utvalde grupper og går gjennom ulike typar dokumentasjon.

- Viktig og nyttig

- Vi legg stadig meir vekt på å styrka kvaliteten i alt vi gjer, og ikkje minst i utdanninga. Då er det viktig at nokon utanfrå ser oss i korta og vurderer om vi er på rett veg, seier rektor Jan I. Haaland.

- Det kan til dømes vera nyttig å for oss at andre vurderer om det er område der vi har stivna i gamle former og må fornya oss. Signala vi fekk ved sist Nokut-evaluering i 2006 var definitivt nyttige, og vi har følgt dei opp systematisk i kvalitetssikringsarbeidet vårt, legg han til.

Omfattande system

NHH sitt kvalitetssikringssystem for utdanninga skal sikra at studieprogramma held høg kvalitet og er i kontinuerleg utvikling. Føringane for systemet kjem frå Universitets- og høgskolelova, samt forskrifter frå Kunnskapsdepartementet og Nokut.

Roller, ansvarsfordeling , rapporteringsrutinar, ulike prosessar og annan relevant informasjon er samla i dokumentet KS Utdanning Rammeverk. I tillegg finst det eigne dokument for kvart einskild utdanningsnivå frå bachelor via master til doktorgrad og etter- og vidareutdanning, og eit eige dokument knytt til internasjonalisering.

Som nemnt vart det ved sist Nokut-evaluering i 2006 gjeve nokre tilrådingar om område som kunne utviklast vidare.

Mellom anna ut frå desse tilrådingane har NHH sitt kvalitetssikringssystem gradvis blitt justert. I vår vart det dessutan gjennomført ein full revisjon av systemet med påfølgjande høyringsrunde og styregodkjenning.

Når dei er ferdige med intervju og gjennomgang av dokumentasjon skriv Nokut-komiteen ein rapport med tilrådingar. Denne får NHH høve til å lesa og kommentera før han går vidare til Nokut sitt styre for endeleg handsaming, og eventuell ny godkjenning av kvalitetssikringssystemet.

Konklusjonen kjem truleg etter nyttår.

Les meir om NHH sitt kvalitetssikringssystem

Les meir om Nokut

Nokut evaluering 2012, Sakkyndig komité:

• Professor Airi Rovio-Johansson (leder), docent i utdanningsvitenskap ved Göteborgs universitet og for tida gjesteprofessor ved CBS, Learning Lab.
• Studiedirektør Bjørn Monstad, Universitet i Agder.
• Dekan Håkon Stødle, Universitetet i Tromsø.
• Student Ingeborg Anna Wergeland, Høgskolen i Oslo og Akershus, estetiske fag.

Nokut-evaluering, sakkyndig komite (Foto: Hallvard Lyssand)
Torsdag var sakkyndig-komiteen som skal evaluera NHH på første vitjing. Framme står komitéleiar, professor Airi Rovio-Johansson og student Ingeborg Anna Wergeland. Vidare kjem dekan Håkon Stødle frå Universitetet i Tromsø (t.v.) og Studiedirektør Bjørn Monstad frå Universitet i Agder. Bakerst står seniorrådgjevar Ole Espen Rakkestad frå Nokut, som er sekretær for komiteen.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive