NHH-stipendiat vald inn i IAEE-rådet

Patrick Andre Narbel (privat foto)

Doktorgradsstipendiat Patrick André Narbel ved Institutt for foretaksøkonomi er vald inn som studentrepresentant i rådet til organisasjonen International Association for Energy Economics (IAEE). In English

21.09.2012 - Hallvard Lyssand


The International Association for Energy Economics (IAEE) er eit verdsomspennande, interdisiplinært forum for debatt og utveksling av erfaringar og idear blant forskarar og praktikarar som arbeider med energiøkonomi.

Organisasjonen vart stifta i 1977 som eit svar på energikrisa som råka verda det tiåret. No har IAEE over 4000 medlemmer frå over 100 land. I tillegg til å gje ut fleire tidsskrift og eit nyheitsbrev arrangerer organisasjonen konferansar og andre arrangement.

Ved IAEE European Energy Conference i Venezia tidlegare denne månaden vart doktorgradsstipendiat Patrick André Narbel frå Institutt for foretaksøkonomi vald til studentrepresentant i IAEE sitt øvste råd (IAEE Council).

Narbel sine forskingsinteresser er energiøkonomi og -politikk. Doktorgradsprosjektet hans dreier seg om energiøkonomi og ulike politiske aspekt kring fornybar energi.

Føreslått av Hope

- Korleis vart du nominert til vervet?

- NHH-professor Einar Hope, som har vore president i IAEE, føreslo meg som kandidat. Eg hadde planar om å involvera meg meir i eit internasjonalt nettverk, og då Hope kom med førespurnad om eg ville nominerast takka eg raskt ja. Vervet er toårig, med start i januar 2013, seier Narbel.

- Korleis arbeider IAEE-rådet, og kva vert dine oppgåver?

- Rådet har om lag 15 medlemmer frå akademia, næringsliv og ulike statsorgan. Kvart medlem har konkrete oppgåver. Det kan til dømes vera å sikra at medlemmer frå næringslivet finn det dei søker i ein slik organisasjon, eller å syta for at konferansane heile tida held høg kvalitet, forklarar Narbel.

- 25 prosent av organisasjonens 4000 medlemmer er master- eller PhD-studentar, og mi oppgåve er å vera deira røyst i rådet, held han fram, og legg til:

- Eg har to hovudmål: For det første å syta for at studentmedlemmane får tenestene dei treng for å styrka forskinga si, og å hjelpa dei å posisjonera seg for framtida gjennom nettverksbygging og synleggjering. For det andre skal eg arbeida for å halda dei i organisasjonen når dei er ferdige med studia sine."

Hans første oppgåve vert å organisera ein sesjon under IAEE sin Latin-Amerika-konferanse i Montevideo i Uruguay i april 2013.

- Her frå PhD-studentar ein flott mogelegheit til å presentera arbeidet sitt å få verdfull tilbakemelding;" lovar Narbel.

Betre forsking, betre synlegheit

-Kva tyder eit slikt verv for deg personleg, for instituttet og for NHH?

- Vervet vil vonleg gje meg sjansen til å bidra til at ein lang rekkje unge forskarar vert endå betre til det dei driv med ved hjelp av ulike tenester frå IAEE, svarar Narbel.

- I tillegg vil det gje med høve til å delta på ei rekkje konferansar og å dela arbeidet mitt med ei fleire folk, noko som vonleg vil bidra til å styrka forskinga mi. Samstundes får eg verdfull kunnskap om korleis ein slik organisasjon fungerer, held han fram.

- Verv som dette gjer jo også både Institutt for foretaksøkonomi og NHH meir synlege, sidan meir enn 1000 studentar kjem til å høyra mykje frå meg i løpet av dei neste to åra, og sidan alle eg vil ha med å gjera vil få med seg at eg kjem frå NHH, konkluderer han.

Les meir om IAEE


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive