Inviterer til omvising i nybygget
NHH-tilsette som ønskjer ein sniktitt i nybygget får no høve til å melda seg på omvisingar.
20.09.2012 - Hallvard Lyssand
Administrativ og teknisk driftsavdeling har gjort avtale med byggherre Statsbygg og entreprenøren OBAS om omvising i nybygget for NHH-tilsette.
Det vert lagt opp til tre turar per veke.
• Måndagar klokka 13
• Tysdagar klokka 10
• Onsdagar klokka 11
Det er plass til inntil ti personar på kvar tur.
Påmelding til Vivi Berdal på sentralbordet etter først til mølla-prinsippet.
Dei som vil vera med vil få utdelt verneutstyr og må gå i følgje med representantar frå Statsbygg eller OBAS.
Første tur er måndag 24. september klokka 13.
Oppmøtestad er i utvendig trapp i 2.etasje i brakkeriggen til OBAS lengst sør på NHH sin parkeringsplass.
|