Diskuterer framtida for Private Equity

Argentum Centre for Private Equity (Illustrasjon)

Kven tener på såkalla aktiv eierkapital-investeringar, eller Private Equity, og kor stor er avkastninga? Kva utslag vil nye reglar ha for PE-bransjen og kven skal stilla med erstatningskapital dersom viktige aktørar bestemmer seg for å trekka seg ut? Dette er nokre av spørsmåla når PE-forskarar og praktikarar møtest til konferanse og symposium denne veka. In English

04.09.2012 - Hallvard Lyssand


The Argentum Centre for Private Equity vart etablert ved NHH tidleg i 2012. Opprettinga av forskingssenteret var eit felles initiativ mellom NHH og ei rekkje aktørar i den norske finansbransjen si samband med investeringsselskapet Argentum sitt tiårsjubileum.

Denne veka samlast praktikarar og akademikarar på Solstrand Hotel & Bad for diskutera ulike tema knytt til Private Equity.

Argentum-konferansen 2012 finn stad onsdag, og vert etterfølgd av Argentum Centre-symposiet torsdag. Førstnemnte vert arrangert av Argentum, medan forskingssenteret er vertskap for sistnemnte.

- Tanken er å samla forskarar og praktikarar for å diskutera spørsmål som er viktige for bransjen. Tema er i hovudsak dei same begge dagar, men perspektiva vert ulike, og slik vonar vi å skapa synergiar mellom dei to arrangementa, seier førsteamanuensis Carsten Bienz, som er leiar for forskingssenteret.

- Vi har gjor dette eit par gonger tidlegare, først i samband med EFA-konferansen i 2009 og så i Stockholm i 2010. Men etter at senteret vart etablert har det heile blitt meir formalisert, legg han til.

Avkastning og regulering

Carsten Bienz (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)
Carsten Bienz.

Mildt sagt urolege og usikre økonomiske tider i Europa og USA kastar også skuggar over Private Equity, og det trengst svar på ei rekkje store spørsmål.

Eit viktig spørsmål er kva avkastning denne typen investeringar gjev og korleis avkastninga vert fordelt mellom investorar og forvaltarar, seier Bienz.

- Eit anna sentralt spørsmål er kva som vert konsekvensane av innføringa av nye reguleringar, held han fram.

- Både i USA og Europa har nye reglar tvunge bankar ut av Private Equity-området, og gjort det vanskelegare for forsikringsselskap. Særleg dei sistnemnde har vore ei viktig kjelde til kapital, og kven skal finansiera PE-industrien om forsikringsselskapa fell bort?

- Å stilla denne typen spørsmål og finna vitskapeleg funderte svar er forskingssenteret si hovudoppgåve. Om svara vi finn er godt eller dårleg nytt for investorane står att å sjå, konkluderer Bienz.

Meir informasjon og program for konferansen og symposiet finst på dei følgjande nettsidene:

The Argentum Conference 2012 - The value of Private Equity

The Argentum Centre for Private Equity Symposium 2012



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive