- Openheit, mot og gjennomføringsevne

Kristin Skogen Lund, Lehmkuhl-førelesinga 2012 (Foto: Helge Skodvin)

Endring og omstilling kan vera vanskelegast å få til når ting går bra. Det gjeld for verksemder og det gjeld for Noreg som nasjon. Det som trengst for å få til naudsynt omstilling er motige og opne leiarar med gjennomføringsevne, sa Kristin Skogen Lund då ho heldt Lehmkuhl-førelesinga ved NHH tysdag.

25.09.2012 - Tekst: Hallvard Lyssand Foto: Helge Skodvin


Ei verd og eit næringsliv i konstant endring stod i sentrum då Telenor-topp og påtroppande NHO-direktør Kristin Skogen Lund heldt Lehmkuhl-førelesinga 2012 ved NHH tysdag.

Med utdanning frå Frankrike og USA, og erfaring frå store verksemder som Schibsted og Telenor som ballast, gav Skogen Lund dagens NHH-studentar, næringslivsleiarar og alle andre interesserte nokre råd om kva eigenskapar og innstilling som kan vera viktige å ha med på vegen vidare.

Ho peikte på at raske endringar er blitt regelen på ei rekkje område, og at det faktum at noko går bra i augneblinken ikkje er nokon garanti for at det skal halda fram med å gå bra.

Med døme frå sørlandske seglskutereiarlag med dampvegring til fotoprodusentar som putta eigen digital teknologi i ei skuff for å beskytta analog film, illustrerte ho korleis ein kan gå frå å vera marknadsleiar til å vera konkurs på kort tid.

Samstundes åtvara ho om at også land kan verta utkonkurrerte, og at Noreg sin suksess dei siste åra ikkje må føra til at vi legg oss til å kvila for tungt på laurbæra.

Kunsten i så vel næringsliv som offentleg forvaltning er, i følgje Skogen Lund, å vera i forkant av utviklinga ved å kjenna att endringar på eit tidleg tidspunkt, forstå kva endringar som vil vera verkeleg omfattande og å handla ut frå desse endringane.

- Og gjennomføringsevne er viktig. Strategiar og handlingsplanar er ingenting verd om dei ikkje vert omsette i handling, understreka ho.

Telenor og Schibsted fungerer begge som døme på verksemder som har våga å gjera store omveltingar, og dermed har greidd å vidareføra suksessrik næringsverksemd trass i sterkt endra rammevilkår.

Ein del av forklaringa på slik suksess tilskriv Skogen Lund er leiarar, men også tilsette, med åpenheit for endringar og nye verdsbilete, som er lydhøyre, har ein solid dose kritisk sans i høve vedtekne sanningar, evne til å ta motige val på basis av kunnskap og altså gjennomføringsevne.

- Dette er ikkje mentalitet som kjem av seg sjølv, åtvara NHO-toppen, og bad så vel studentar som leiarar om å slå av autopiloten, heva blikket mot verda og skaffa seg internasjonal erfaring.

- Om de reiser ut, lærer de dykk sjølve å kjenna på andre måtar enn de kan førestila dykk. Det kan verka skummelt i starten, men det gjev store mogelegheiter for å finna innsikt og tryggleik, lova Skogen Lund.

Les heile Kristin Skogen Lund si Lehmkuhl-førelesing på nhh.no

Kristin Skogen Lund og Jan I. Haaland (Foto: Helge Skodvin)
Kristin Skogen Lund, her saman med rektor Jan I. Haaland, fylte aulaen på NHH då ho heldt Lehmkuhl-førelesinga 2012 tysdag.
Professor Rögnvaldur Hannesson, Lehmkuhl-konferansen (Foto: Hallvard Lyssand)
Tradisjonen tru arrangerte NHH og Bergen Næringsråd konferanse før Lehmkuhl-førelesinga. Professor Rögnvaldur Hannesson snakka om norsk økonomi og åtvara mot oljesmurt omstillingsvegring. - Olja vil vara lenge enno, så vi har eigentleg god tid til omstilling. Men dessverre må det ofte ein krise til før politikarane handlar, sa Hannesson. (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Thore Johnsen, Lehmkuhl-konferansen 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Thore Johnsen tok mellom anna for seg oljefondet, aksjeinvesteringar og risiko. Han passa på å retta nokre spark til økonomkollegaer som har teke til orde for at oljefondet bør kvitta seg med oljeaksjar for å redusera risiko knytt til låg oljepris. (Foto: Hallvard Lyssand)
Lehmkuhl-konferansen 2012, debatt (Foto: Helge Skodvin)
Etter innlegga til NHH-professorane deltok dei i paneldebatt med adm. dir. Marit Warncke frå Bergen Næringsråd og CFO Hilde Drønen frå DOF ASA. Debattleiar Atle Kvamme frå Bergen Næringsråd heilt til høgre.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive