Samla åtferdsøkonomar til konferanse

/th Nordic Conference on Behavioral and Experimental Economics (Foto: THe Choice Lab)

Over 100 deltakarar var samla og det vart halde om lag 60 innlegg då NHH og The Choice Lab var vertskap for den sjuande Nordic Conference on Behavioral and Experimental Economics sist veke. Neste programpost er eit doktorgradskurs som skaper uvanleg stor interesse.

04.10.2012 - Hallvard Lyssand


Konferansen fann stad sist fredag og laurdag, og samla forskarar frå ei rekkje institusjonar både i og utanfor Norden til i alt 18 parallelle sesjonar under titlar som Gender differences, Discrimination and Inequality, Risk, Trust, Fariness, Public Good og Market Behaviour.

- Vi er strålande nøgde. Dei fleste i Norden som er aktive på feltet var på plass, og det kom også mange frå andre stader, noko som syner at Norden står sterkt på dette feltet, seier professor Bertil Tungodden.

- Det deltok dessutan samarbeidspartnarar frå utanfor akademia, noko som syner at denne forskinga har praktisk relevans. Ein av hovudinnleiarane, professor Uri Gneezy frå University of California, San Diego, tok til dømes for seg helseforsikring, og diskuterte korleis ein kan bruka insentiv til å få folk til å ta større ansvar for eiga helse, fortsett Tungodden.

- Den andre hovudinnleiaren, professor Martin Dufwenberg frå University of Arizona og Göteborgs universitet, har gjort banebrytande forskingsarbeid om uformelle kontraktar. Dette er også viktig tematikk for næringslivet. Formelle kontraktar er ofte dyre og medfører kompliserte prosessar, og uformelle kontraktar styrer derfor mykje, understrekar Tungodden.

Uri Gneezy og Martin Dufwenberg (t.h.) (Foto: The Choice Lab)
"Mugshots" av hovudinnleiarane Uri Gneezy og Martin Dufwenberg (t.h.)
7th Nordic Conference on Experimental and Behavioral Economics (Foto: The Choice Lab)
Konferansedeltakarane kunne velja mellom 18 parallelle sesjonar med til saman 60 innlegg.

Les meir om konferansen på The Choice Lab sine nettsider

Sjå fleire bilete frå konferansen på The Choice Lab sine Facebooksider

Rekordpåmelding til doktorgradskurs

Neste post på The Choice Lab-programmet er eit doktorgradskurs frå 15. til 19. oktober med tittelen «Field and Lab Experiments in Economics» ved professor John List frå University of Chicago.

- Vi har som mål å ha eit doktorgradskurs av topp internasjonal kvalitet kvar haust, og i år har vi definitivt det. List er blant dei aller fremste i verda på sitt felt. Responsen har då også vore overveldande vi har over 60 påmelde PhD-studentar frå heile Europa, og i tillegg kjem det ei rekkje postdoktorar, seier Tungodden.

- Første del av kurset handlar om felteksperimentmetode. I andre del vil han syna korleis han har anvendt metoden på eit breitt spekter av område, frå utdanning, kriminalitet og velgjerdsarbeid til diskriminering, held han fram.

- Det vert garantert eit svært bra kurs. I tillegg vert det god ein møtestad der studentane får høve til å knyta internasjonale kontaktar frå eit tidleg stadium, og det er ein del av intensjonen, konkluderer Tungodden.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive