Klassikar i ei krisetid

Johannes Nymark

Kronikk: Økonomisk krise og forsterka krav om politisk sjølstende er bakteppet for ein heilt spesiell fotballkamp på søndag, skrev Johannes Nymark i Dagbladet 5. oktober 2012.

09.10.2012 - Johannes Nymark


Når FC Barcelona og Real Madrid møtest til nytt Clásico-oppgjer i Barcelona søndag, skjer det i ein tilspissa situasjon i Spania, så vel politisk som økonomisk. Den økonomiske krisa i landet har ført til direkte krav om sjølvstende for Catalonia-regionen.

I Spania har fotballen lenge vore politisert på ein måte ein kan henda ikkje finn att andre stader. Den hundreårige rivaliseringa mellom ein sentralistisk og ein desentralisert ideologi fekk sine symbolske parallellar i rivaliseringa mellom fotballklubbar. Og på så vel det personlege som det kollektive planet har fotballen hatt mykje å seia som identitetsmarkerande faktor. Under Franco-diktaturet (1939-75) blei Real Madrid, med fem europacupsigrar på 1950-talet, utnytta propagandamessig av det autoritære regimet.

Når Real Madrid spelte kamp på Santiago Bernabeu på 1950- og 1960-talet, fann diktatoren sjølv, Francisco Franco, det opportunt å innta hovudsetet på ærestribunen saman med notabilitetar i politikk og fotball. At dette provoserte katalanarar og baskarar, er mildt sagt. Alt frå tidleg på 1900-talet hadde ein «regional nasjonalisme» gjort seg sterkt gjeldande både i Catalonia og i Baskarland. Frå slutten av 1960-talet blei FC Barcelona, saman med det katalanske språket, symbol på det katalanske strevet for indre sjølvstyre. På fotballstadion kunne massane skrika ut misnøye med styresmaktene på ein måte dei ikkje kunne gjera ustraffa andre stader.

Det er ikkje ofte eit slagord seier så mykje som FC Barcelona sitt «el Barça, més que un club» - meir enn ein klubb - gjer det for katalanarane i det nordaustlege hjørnet av Spania. I denne klubben finn ein samla så vel ambisjonane som frustrasjonane til eit folk, det katalanske, med ein sterk nasjonal identitet. Ingen andre stader har ein så sterkt kunna føla den katalanske nasjonalitetsideen som mellom 100 000 fanatiske Barça-supportarar på Camp Nou, spesielt når motstandaren har vore Real Madrid, sjølve inkarnasjonen på den spanske sentralmakta for mange katalanarar.

Grunnlova av 1978 kneset prinsippet om at Spania består av autonome regionar, og i 1980 førte vala i Catalonia sentrum/høgre-alliansen CiU til makta. Katalansk politikk har heilt sidan overgangen frå demokrati til diktatur tok til, vore prega av CiU, som etter eit intermesso med sentrum-venstre (2004-2010), også sit med makta i dag. Heile tida under demokratiet har det murra i den økonomiske og politiske eliten i Catalonia, spesielt på grunn av at dei meiner dei bidreg i form av skattar til det spanske kollektivet mykje meir enn dei får att. Dagens katalanske president, Artur Mas, hevdar no at «forsøka på å få Catalonia til å passa inn i Spania, har slått feil (…) og at det katalanske folket no fritt og demokratisk må få avgjera si kollektive framtid (…) slik at ein kan garantera sosial og økonomisk utvikling».

For Mas er termen «uavhengigheit» tabu, og han snakkar i staden om at «Catalonia må starta på sin nasjonale overgangsprosess basert på retten til sjølv å ta avgjerder». Eit ullent politikarspråk som skal tilfredsstilla både tilhengjarane av full uavhengigheit og dei som ønskjer at regionen skal halda fram med å vera ein del av Spania, om enn i ei meir føderal innpakning.

Termen «suverenitet» blir ofte nytta for å glatta over motsetnadene i desse standpunkta, som det kan bli svært vanskeleg å forlika, når det kjem til val eller folkerøysting, slik regjeringa til CiU legg opp til at det skal vera. Når Pep Guardiola offentleg går inn for at Catalonia skal få suverenitet, blir han såleis teke til inntekt for begge partar. Som suksessfull spelar og trenar for FC Barcelona er Guardiola truleg den katalanaren som har størst gjennomslagskraft i Catalonia, og hans ord blir lagt merke til. På nytt kjem fotballarenaen i sentrum, som når det på FC Barcelona sine heimekampar taktfast blir ropt «In-Inde-Independencia» 17 minuttar og 14 sekund ut i begge omgangane, for å markera året 1714 då Borbonardynastiet tok frå Catalonia dei særeigne politiske rettane dei hadde hatt.

Mange har spurt seg kva oppbløminga av katalansk nasjonalisme dei seinaste åra kan skuldast, og som svar på dette spørsmålet må ein i alle fall inkludera den økonomiske krisa og det absolutte nei til ei «skattepakt» frå den noverande regjeringa til det konservative PP, det partiet som mest konsekvent representerer den storspanske nasjonalismen, «el españolismo» slik katalanarar uttrykkjer det.

Det er ein klisjé å hevda at fotball speglar samfunnet. I Spania finn ein slåande likskapar på det økonomiske og sosiale området. Fotballklubbar har, på same vis som bedrifter, bankar og finansinstitusjonar lenge levd over evne, og er ikkje lenger betalingsdyktige. Av dei 40 klubbane i dei to øvste divisjonane, er over halvparten teknisk konkurs. Og dei enorme sosiale skilnadene ein finn i det spanske samfunnet, ligg reprodusert innan fotballen, der dei to store, FC Barcelona og Real Madrid, ligg lysår framom dei hine og innkasserer like mykje i fjernsynsinntekter som alle dei andre klubbane til saman.

Folk flest er så freidige at dei jamfører sosiale grupper og samfunnsaktørar. Medan bankar ikkje nøler med å kasta ut frå heimane sine dei som ikkje kan betala renter og avdrag på lån, så blir dei store finansinstitusjonane og -investorane handsama med silkehanskar. Då Caja Madrid i 2009 gav eit lån på 76,5 millionar euro for at Real Madrid kunne kjøpa Kaka og Cristiano Ronaldo, førte dette til høglytte protestar frå familiar og bedrifter som hadde fått avslag på søknadar om lån frå banken.

Caja Madrid blei sidan privatisert og gjekk inn i Bankia, storbanken som tidlegare i år blei redda med titals milliardar statlege euro. «Ikkje faen om vi betaler Cristiano Ronaldo med skattepengane våre», protesterer katalanarane.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive