Kakekickoff for ny avdeling

Avdeling for styring, økonomi og drift (Foto: Hallvard Lyssand)

Måndag innførte NHH ny administrativ organisasjonsstruktur. Høgskulens største avdeling markerte overgangen med marsipankake.

20.11.2012 - Hallvard Lyssand


Frå måndag 19. november er sentraladministrasjonen ved NHH organisert med seks avdelingar, som igjen er delt i ei rekkje seksjonar.

Etter omorganiseringa er Avdeling for styring, økonomi og drift den største avdelinga ved NHH.

Måndag var avdelingsleiar Klas Rønning og majoriteten av hans 35 medarbeidarar i seksjonane Eigedomsforvalting (åtte personar), IT (16), Verksemdsstyring (tre) og Økonomi (åtte) samla i personalkantina for å markera at dei for no av er ei administrativ eining.

Arrangementet kom i stand etter initiativ frå ei gruppe sett saman av representantar frå dei fire seksjonane.

Rønning opna med å gratulera med dagen. Han konstaterte at dei organisatoriske endringane neppe vil medføra dei heilt store forskjellane i dei daglege gjeremåla til dei einskilde tilsette, men understreka samstundes at han har ein del planar og tankar om utviklinga av avdelinga.

Nokre av tankane presenterte han ved å lesa eit utdrag om stamme- og lagbygging frå boka Ona fyr av Ingebrigt Steen Jensen.

Blant planane som føreligg er nettopp fleire samlingar som den måndag, både på og utanfor NHH, for å sveisa avdelinga saman både som heilskap, og seksjonsvis.

Les meir om NHH sin nye administrative organisasjonsstruktur

Klas Rønning, Avdeling for styring økonomi og drift (Foto: Hallvard Lyssand)
Avdelingsleiar Klas Rønning og medarbeidarane markerte opninga av Avdeling for styring, økonomi og drift i personalkantina måndag.
Avdeling for styring, økonomi og drift (Foto: Hallvard Lyssand)
Avdeling for styring, økonomi og drift er sett saman av seksjonane Økonomi, IT, Verksemdsstyring og Eigedomsforvalting, og skal totalt ha 36 tilsette. Her er 25 av dei samla.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive