Etablerer elbilplassar
NHH har fått fire parkeringsplassar som vert reservert for elbilar.
08.11.2012 - Hallvard Lyssand
Elbilplassane er å finna nedst i bakken på parkeringsplassen like nord for aulaen
Førebels er plassane lettast gjenkjennelege ved at dei er utstyr med kvart sitt ladepunkt. Straks veret tillet det, vil det koma merking på asfalten som syner at plassane er reserverte for elbilar og hybridar.
Ladepunkta er låste for å hindra misbruk. Elbileigarar som er medlemmer av Norsk Elbilforening skal ha fått utdelt ein standardnøkkel. Andre kan venda seg til teknisk driftsavdeling ved behov.
Teknisk avdeling opplyser at det ikkje er tale om hurtigladestasjonar.
Ladestasjonen for elbilar er plassert nord for aulaen, like utanfor Teknisk driftsavdeling sine kontor.
|