Rajiv D. Banker held Gjesdal-førelesinga
Professor Rajiv D. Banker frå Temple University held årets utgåve av The Frøystein Gjesdal Lecture on Accounting Research tysdag 15. mai. In English
14.05.2012 - Hallvard Lyssand
Då professor Frøystein Gjesdal fylte 60 år i mai 2010 var gåva frå NHH og Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap at det vart oppretta ei årleg førelesing i Gjesdal sitt namn.
Årets gjesteførelesar er professor Rajiv D. Banker, som er Merves Chair of Accounting and Information Technology ved Fox School of Business ved Temple University i Philadelphia.
Banker er rekna blant dei leiande innan tverrfagleg leiingsforsking, og har publisert ca. 150 artiklar i leiande tidsskrift, m.a. om ulike tema innan rekneskapsforsking og informasjonsteknologi.
Han har grunnutdanning i matematikk og økonomi frå University of Bombay, og etter nokre år som regnskapsførar og revisor tok han doktorgrad ved Harvard University i 1980.
Seinare har han m.a. arbeidd ved Carnegie Mellon University, University of Minnesota, University of Texas at Dallas og University of California, Riverside.
Tittelen på føredraget hans er "Implications of Cost Behavior Research for Financial Accounting Research."
The Frøystein Gjesdal Lecture on Accounting Research 2012 Professor Rajiv D. Banker, Temple University
"Implications of Cost Behavior Research for Financial Accounting Research."
Dato: Tysdag 15. mai, 2012
Tid: 13.15-15.00
Stad: Aud. Agnar Sandmo
|