Kampen om energiressursane

Johannes Nymark (foto: Hallvard Lyssand)

Kronikk Heller enn å angripe Argentina for å renasjonalisere oljeselskap, bør spanjolane lære av argentinarane si krisehandtering, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i Klassekampen 26. mai.

29.05.2012 - Johannes Nymark


«Eit land som ikkje har styring på energien sin, er eit femterangs land». Denne utsegna frå Mariano Rajoy då han var opposisjonsleiar i Spania i 2008, likar han ikkje å bli minna på i dag, i høve den eksproprieringa som den argentinske regjeringa har gjort av 51 prosent (av totalt 57 prosent) av spanske Repsol sine lutar i det argentinske oljeselskapet YPF.

I eit ideologisk perspektiv skriv eksproprieringa seg inn i den nasjonalt orienterte økonomiske politikken som først Néstor Kirchner og sidan Cristina Fernández de Kirchner har ført sidan 2003. For å komma ut or den finanskrisa som ein ultraliberal politikk på 1990-talet hadde ført med seg, har Kirchner-regjeringane i første rekkje satsa på nasjonal produksjon, nasjonalt forbruk og nasjonal råderett over økonomien.

Privatiseringsprosessane frå 1990-åra blei reverserte ut frå det faktum at dei hadde spelt dundrande fallitt. I 2005 betalte Argentina, som Brasil, det landet skulda til Det internasjonale pengefondet (IMF) og følgde då ikkje lenger råda frå denne organisasjonen, som mange fleire enn kritiske argentinarar meinte hadde ført landet ut i det finansielle og sosiale uføret. Sidan blei òg pensjonssystemet ført attende på statlege hender.

I snart hundre år har forsøka på å utjamna store sosiale skilnader alltid på ein eller annan måte hatt noko å gjera med energiressursane og i særleg grad olja. Etter at det var innført allmenn røysterett i Argentina i 1912, fekk godseigarane seriøse utfordrarar ved val. Det radikale partiet (UCR), som i første rekkje representerte middelklassen, sat ved makta i perioden 1916 til 1930, og tok initiativet til så vel sosiale reformer som arbeidarlover.

Då det statlege oljeselskapet YPF blei skipa i 1922, var det for å sikra statleg uavhengigheit. Militærkuppet mot president Hipólito Yrigoyen i 1930 hadde brei støtte frå internasjonale oljeselskap, som for alt i verda ville unngå at oljerikdommane blei nasjonaliserte.

Også militærkuppet i 1955 bar eit umiskjenneleg preg av at det stod sterke oljeinteresser frå Storbritannia og USA bak, noko den argentinske presidenten Juan Domingo Perón har gjeve eit innblikk i i artikkelsamlinga «Frå makt til eksil», der han jamfører kuppet mot han i 1955 med kuppet mot statsminister Mohammed Mossadegh i Iran i 1953.

Men her forrekna oljeinteressene seg, i og med at Perón, som prinsipielt var tilhengjar av nasjonalt eigarskap, i dette tilfellet gjekk inn for å gje kontrakt til selskapet California, eit underbruk av Standard Oil, for å få utanlandske investeringar til eit Argentina i økonomisk krise.

Det mest brutale av alle dei argentinske militærdiktatura, det frå 1976 til 1983, blei akkompagnert av nyliberalistiske tonar i økonomien. Den nye økonomiske ordninga, som var velsigna av internasjonale finansinstitusjonar, øydela produksjonsapparatet og arbeidarklassen i landet. YPF auka inntektene sine med 20 prosent og fleire fekk arbeid i selskapet. Samstundes var det økonomisk vekst i Argentina, men med pant i arbeidarklassen og den økonomiske framtida for landet.

Alt i 1977, etter berre eit år med militærdiktatur og marknadsliberalisme, var lønene til arbeidarane reduserte med 35 prosent i gjennomsnitt. Den økonomiske politikken til diktaturet kravde at ein tok opp store lån, som ein fekk problem med å betena då rentene gjekk opp internasjonalt frå 1979 av.

Dei omfattande privatiseringsprosessane under president Carlos Menem (1989-1999) førte landet ut i ei av dei mest alvorlege økonomiske krisene landet har vore i nokosinne, og talet på fattige passerte offisielt tredjeparten av det argentinske folket.

Det nyliberalistiske eksperimentet i Argentina i 1990-åra kan ikkje karakteriserast som anna enn ein dundrande fiasko, også ut frå dei måla marknadsliberalistane sjølve sette til laboratorieforsøket: betre tenester og lågare prisar, kort sagt på alle måtar til gagn for forbrukarane. At slike argument i det heile blei tekne på alvor, kan ein i ettertid undrast over, for alle veit at privatkapitalistiske verksemder har eigen profitt, og ikkje ve og vel for folk flest i tankane og prognosane.

Det aller mest eklatante dømet på det nyliberalistiske marerittet, var privatiseringa av vassforsyning og avløp. «International Finance Corporation» (IFC), ein del av den såkalla verdsbankgruppa, engasjerte seg på 1990-talet sterkt i privatiseringa av vatn og kloakk i Buenos Aires. Skipinga av det private selskapet «Aguas Argentinas» skulle «betra service, auka talet på tilknytte husstandar og redusera vass- og avløpsavgiftene».

«Aguas Argentinas» forplikta seg til å investera nærare 1,4 milliardar amerikanske dollar i prosjektet, men i realiteten blei det berre investert 550 millionar dollar. Det franske selskapet Suez, som fekk kontroll over «Aguas Argentinas», blei etter kvart spesialistar i kunsten å reforhandla, både for å auka prisane på tenestene dei leverte og for å sleppa å betala bøtene dei blei dømde til for avtalebrot.

For abonnentane i Buenos Aires førte engasjementet Suez hadde i «Aguas Argentinas» til høgre avgifter. 80 prosent var auken frå engasjementet starta i 1993 og fram til 2001, det året finanskrisa i Argentina førte til sosial eksplosjon. I mars 2006 sa den argentinske staten opp kontrakten med «Aguas Argentinas» og førte vassressursane attende til den argentinske staten.

Kampen for ressursane, og spesielt for energiressursane, har komme i første rekkje for Latin-Amerika dei to seinaste tiåra. Så også innan petroleumsverksemda. Som ein del av privatiseringsprosessane, tok det spanske selskapet Repsol i byrjinga avstatlege argentinske oljeselskapet YPF, og selskapet tok til å kalla seg Repsol YPF i Argentina.

Det tok ikkje lang tid før dei nye eigarane starta med å seia opp folk «for å kunna driva meir kostnadseffektivt». Sidan desse oppseiingane i tid fall saman med at aktivitetane i bygg og anlegg kom på eit botnnivå, akselererte den sosiale krisa i provins etter provins, og resultatet blei sosial uro og etter kvart sosialt opprør.

Då den argentinske regjeringa eksproprierte mesteparten av Repsol sin del av YPF, kom dette slett ikkje som noka overrasking for oss som følgjer med i argentinsk politikk. I fleire år har styresmaktene i Argentina skulda Repsol for ikkje å investera nok i landet. Argentinarane hevdar at Repsol nytta sin del av YPF til å investera i andre land, og viser mellom anna til oljeleiting som selskapet har gjort i Algerie, Angola, Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Irak, Irland, Libya, Peru, Portugal, Russland, Trinidad Tobago, Tunis og USA.

Ifølgje YPFs argentinske leiarar, har Repsol hatt eit overskot på 15,7 milliardar amerikanske dollar sidan selskapet kom inn i argentinsk oljeproduksjon. Samstundes minka oljeproduksjonen med 38,3 prosent og gassproduksjonen med 25,4 prosent. Så dramatisk var det at Argentina i 2011 måtte importera olje for 9,4 milliardar dollar for å halda samfunnsmaskineriet i gang.

Sjølv hevdar Repsol at dei mellom 1999 og 2011 investerte 20 milliardar amerikanske dollar i Argentina, medan argentinarar som har rekna på det og mellom anna trekt frå naudsynte driftsutgifter, har komme til at dei reelle investeringane i desse 12 åra var vel 3,6 milliardar amerikanske dollar. Argentina har uttala at landet vil forhandla om ein kompensasjon med Repsol, slik landet er forplikta til ut frå nasjonal argentinsk lovgjeving, men at det ikkje blir på tale å betala noko nær det Repsol krev, nemleg 10 milliardar amerikanske dollar.

Den argentinske avgjerda om å ekspropriera størstedelen av Repsol sine lutar i YPF, blei møtt med sinte utsegner, trugsmål og prognosar om at Argentina vil bli isolert internasjonalt sett. I aggressive ordelag hevda både den spanske regjeringa og leiande EU-politikarar at Argentina ville få kjenna effekten av økonomiske straffereaksjonar, og utan omsveip karakteriserte dei Argentina si framferd for fiendtleg.

Leiar for EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, synte til internasjonale avtaler som Argentina er med i, avtaler han ventar at landet respekterer og følgjer. «Vi strekar under kor viktig det er at ein blir samde om løysingar som ikkje skadar forretningslivet», sa sjølvsame Barroso, meir oppteken av business enn av demokrati. For så vidt heilt i tråd med EU si framferd overfor Hellas.

Til dette kan ein innvenda mykje. For det første går Argentina i same retning som dei hine latinamerikanske landa når det gjeld forvaltning av eigne natur- og energiressursar, og landet er såleis slett ikkje isolert på sitt eige kontinent. Tilmed USA har gått stilt i dørene og har ikkje vilja følgja det kriseråka Europa i ei sterk fordøming av Argentina.

For det andre har den argentinske regjeringa halde seg strikt til det legale, og har ekspropriert i samsvar med argentinsk sivilrett, der det mellom anna heiter at ekspropriering kan skje ut frå omsyn til allmenne interesser. I lov nummer 21.459 går det fram at «den offentlege nytta som tener som legal basis for ei ekspropriering, omfattar alle tilfelle der ein vil sørgja for at eit felles gode blir oppfylt».

Og for det tredje må kontroversar mellom to partar i økonomiske saker først leggjast fram for rettsvesenet i det landet der investeringa blei gjort, i dette tilfellet Argentina. Dette gjer at alle rettslege steg som Repsol måtte ta i internasjonale organ, slik selskapet har hevda det vil gjera, må venta på ei første avklaring i rettslege instansar i Argentina.

Kan henda skulle Spania sjå litt meir til Argentina i den krisa landet er i no. Spania er i dag ei prøvekanin for spesielt IMFs innstrammingsstrategi, slik Argentina og Mexico var det på 1990-talet. Først då Argentina forkasta Pengefondet sine reseptar, gjekk det framover med landet. Dei seinaste ni åra har brutto nasjonalprodukt stige med 90 prosent, nivået på sysselsetjinga er godt, og så vel fattigdommen som den ekstreme fattigdommen er blitt kraftig redusert.

Desse fakta, saman med den dundrande fiaskoen nyliberalismen førte med seg, gjer at Argentina i dag ikkje kan ta risken på å overlata produksjon og forvaltning av energiressursane til utanlandsk privat sektor.

Fakta

Olje i Argentina

*I april vedtok argentinske styresmakter å ekspropriera størsteparten av det spanske oljeselskapet Repsol sine lutar i det argentinske oljeselskapet YPF.

*Dette førte til store protestar frå spanske politikarar så vel som frå leiaren i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso.

*YPF vart skipa i 1922 som eit statleg oljeselskap, men vart på 1990-talet privatisert som del av ei nyliberalistisk bølgje under president Carlos Menem.

*I denne artikkelen skriv Johannes Nymark at renasjonaliseringa ikkje kom som ei overrasking, og at ho er i tråd med argentinske lover.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive