- Den perfekte Gjesdal-førelesaren

Rajiv D. Banker, Gjesdalførelesinga 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)

Det var introduksjonen professor Rajiv D. Banker fekk då han heldt The Frøystein Gjesdal Lecture on Accounting Research tysdag.

18.05.2012 - Hallvard Lyssand


Den årlege førelesinga til ære for Frøystein Gjesdal vart oppretta av NHH og Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap i samband med professoren sin 60-årsdag i mai 2010 for å markera hans store innsats for fagfeltet, instituttet og institusjonen.

Gjesdal-førelesaren skal vera ein internasjonalt anerkjend forskar som har gjeve vesentlege bidrag til rekneskapsforskinga.

I introduksjonen av årets gjest, professor Rajiv D. Banker frå Temple University, hevda professor Trond Bjørnenak at det måtte vera tale om noko nær den perfekte Gjesdal-førelesaren.

- Professor Banker si forsking har svært breitt omfang og han er svært akademisk, samstundes som han er svært oppteken av å bidra til praksis, konstaterte Bjørnenak.

- Vi hadde knapt hatt råd til å ha han som tilsett, då 17 av artiklane hans er publiserte i tidsskrift som står på NHH si bonusliste, la han til med eit smil.

Banker er Merves Chair of Accounting and Information Technology ved Fox School of Business ved Temple University i Philadelphia. Han har publisert over 150 artiklar på eit breitt spekter av område.

Føredraget hans hadde tittelen "Implications of Cost Behavior Research for Financial Accounting Research."

Frøystein Gjesdal, Gjesdal-førelesinga 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
IRRR-professor Frøystein Gjesdal vert heidra med ei førelesing i sitt namn i mai kvart år.
Rajiv D. Banker, Gjesdal-førelesinga 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
Årets gjest, professor Rajiv D. Banker, er blant kollegaene som har hatt nytte av forskingsarbeida til Gjesdal.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive