Ny forskingskoordinator ved The Choice Lab
Ranveig Falch er The Choice Lab sin nye forskingskoordinator.
26.06.2012 - Hallvard Lyssand
Ranveig Falch byrjar formelt i stillinga som fulltids forskingskoordinator for The Choice Lab i august, men ho er ingen nykommar i NHH sitt miljø for eksperimentell økonomi.
25-åringen frå Kolbotn er masterstudent ved NHH og har delt forskingskoordinatorjobben med studentkollega Pål Kristian Granholt sidan april.
I augneblinken arbeider ho med masteravhandlinga si, Disability, Social Identity, and Entrepreneurship. Evidence from a lab experiment in rural Uganda, saman med Ulrikke Voltersvik Hernæs.
Avhandlinga er basert på eit Choice Lab-eksperiment Falch var med på å utføra i Uganda i februar og mars 2012.
Reint praktisk inneber koordinatorstillinga administrative oppgåver knytt til The Choice Lab sine eksperiment i Noreg og i utlandet, samt oppfølging av nettsider og liknande.
- Eg trur det vert mange spennande oppgåver og at eg kjem til å læra mykje. Arbeidsmiljøet er dessutan godt, seier Falch, som parallelt med koordinatorstillinga skal fullføra det siste året på masterstudiet.
|