Kursa i kvalitativ analyse

Kurs i kvalitativ analyse (Foto: Hallvard Lyssand)

Medan NHH-korridorane vart stadig meir sommarstille, brukte ei gruppe doktorgradsstudentar sist veke på eit intensivt doktorgradskurs i kvalitativ metode.

27.06.2012 - Hallvard Lyssand


Kurset var i regi av professor Inger G. Stensaker og førsteamanuensis Ingeborg Astrid Kleppe frå Institutt for strategi og leiing, og vart finansiert av NHH og NFB.

- Gode PhD-kurs i kvalitativ metode er mangelvare også internasjonalt, og det ville vi bidra til å bøta på, seier Kleppe.

Blant måla var at deltakarane skulle få styrka kunnskapar om innsamling, analysering og tolking av kvalitative data, primært gjennom presentasjon av og tilbakemeldingar om deira eigne doktorgradsprosjekt.

- Vi var så heldige å ha med oss professor Ann Langley frå HEC Montreal, som er professor II og æresdoktor ved NHH, og professor Eileen Fischer frå York University i Toronto. Begge er internasjonale kapasitetar innan kvalitativ metode med lang erfaring som forskarar, lærarar og lærebokforfattarar på feltet, seier Kleppe.

- I tillegg har begge redaktøroppdrag for dei beste tidsskrifta i marknadsføring, strategi og leiing. Dei veit derfor korleis redaksjonane tenkjer og kva ein må gjera for å koma gjennom nålauga og få artiklar publisert, legg ho til.

- Kurset hadde elleve deltakarar, seks NHH-interne og fem eksterne, og trass i høgst ulike bakgrunnar har alle meldt tilbake at dei er svært nøgde, konstaterer Kleppe.

Kursdeltakar og doktorgradsstudent ved NHH, Berit Sund, nøler ikkje med å stadfesta Kleppe sitt inntrykk:

- Kurset burde vera obligatorisk, seier Sund.

Kleppe understreka at også ho har mykje igjen for kurs av denne typen.

- Å henta inn internasjonal kompetanse er med på å løfta oss som forskarar og lærarar, og NHH skal ha ros for å ha sjenerøse og fleksible ordningar som gjer det mogeleg å få til prosjekt som dette på relativt kort varsel. Vi har til dømes nytt godt av likestillingsmidlar, avsluttar Kleppe.

Kurs i kvalitativ analyse (Foto: Hallvard Lyssand)
Kursdeltakarane samla.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive