Tony Atkinson held Sandmo-førelesinga

Sir Tony Atkinson (Foto: Oxford University)

Torsdag 12. januar held Sir Anthony Barnes Atkinson 2012-utgåva av The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy. Atkinson vert rekna blant verdas aller fremste forskarane innan fordeling, ulikskap og offentleg økonomi. In English

09.01.2012 - Hallvard Lyssand


Kvart år i januar vert ein internasjonal toppøkonom invitert til NHH for å halda The Sandmo Lecture on Public Policy. Førelesinga vart oppretta i 2008 til ære for professor emeritus Agnar Sandmo.

Årets gjest er den britiske økonomen Sir Anthony Barnes "Tony" Atkinson, som er Fellow ved Nuffield College ved Universitetet i Oxford og Centennial Professor ved London School of Economics.

Tittelen på føredraget hans er Public economics in a time of austerity.

Langt framme på fordeling og ulikskap

- Tony Atkinson er ein av verdas fremste forskarar på fordelingsspørsmål. Dessutan er han kanskje den som etablerte ulikskapsforsking. Metoden han utvikla på 1970-talet for å måla ulikskap - den såkalla Atkinson-indeksen - sette standarden for alt som sidan har blitt utvikla på dette feltet, seier professor Bertil Tungodden ved Institutt for samfunnsøkonomi.

- Atkinson er også heilt sentral innan offentleg økonomi. Blant anna står han bak eit av standardverka på feltet saman med Nobelprisvinnar Joseph Stiglitz, fortsett Tungodden.

- I dei seinare år har Atkinson gjort banebrytande arbeid for å forstå meir om dei verkelege toppinntektene i samfunnet. Han har også vore sentral i debatten om å nedkjempa fattigdom, legg han til.

Omfattande CV

Atkinson har leia eller delteke i ei rekkje offentlege utval som har utgreidd ulike økonomiske spørsmål og har vore rådgjevar for politiske organ både heime i Storbritannia og andre europeiske land.

I 2000 vart han slått til riddar for innsatsen innan samfunnsøkonomi og i 2001 vart han Riddar av Æreslegionen i Frankrike, der han har vore rådgjevar for statsministeren i fleire år.

I tillegg til Oxford og LSE har professor Atkinson m.a. arbeidd ved Cambridge og University College London, og vore gjesteprofessor ved Harvard og MIT.

Lista over redaktøroppgåver, verv, medlemskap og æresmedlemskap i organisasjonar både i Storbritannia og andre land er lang. Atkinson er t.d. æresdoktor ved 18 institusjonar.

Sjå CV-en til Tony Atkinson her

Les meir om Sandmo-førelesinga og tidlegare føredragshaldarar på nhh.no

The Sandmo Lecture on Public Policy 2012
Sir Anthony Barnes Atkinson
Public economics in a time of austerity
Dato: Torsdag 12.01 2012
Tid: 12.15
Stad: Aud. Agnar Sandmo

Ola Kvaløy Junior Visiting Fellow

I samband med opprettinga av Sandmo-førelesinga vart det også oppretta eit gjestestipend for særleg lovande forskarar under 40 år under tittelen The Sandmo Junior Visiting Fellowship in Public Policy.

Årets mottakar er professor Ola Kvaløy frå Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger.

Kvaløy har mastergrad frå UiB og tok doktorgraden ved NHH i 2003. Han vart professor ved UiS i 2008, og har vore professor II ved NHHs Institutt for foretaksøkonomi sidan 2010.

Stipendet omfattar m.a. eit gjesteopphald ved Institutt for samfunnsøkonomi og eit føredrag.

Kvaløy sitt føredrag finn stad fredag 13. januar klokka 12.15 i Terje Hansens auditorium og ber tittelen The law and economics of relational contracts.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive