- Rekn med å bli realitetsorienterte
- Det finst knapt nokon betre måte å få testa relevansen til prosjekta og problemstillingane dykkar. Men forvent å bli realitetsorienterte, konstaterte viserektor Mette H. Bjørndal då ho ønskte 25 PhD-studentar velkomne til doktorgradskollokvium ved NHH onsdag morgon. In English
04.01.2012 - Hallvard Lyssand
Torsdag morgon opnar den 29. FIBE-konferansen ved NHH, men alt i dag (onsdag) byrja det som har etablert seg som konferansens faste "tjuvstart" - eit
doktorgradskollokvium i regi av NFB (Nasjonal Forskerskole i Bedriftsøkonomi).
Årets kollokvium er det åttande i rekkja og samlar 25 deltakarar, dei fleste med tilknyting til nokre av dei 15 institusjonane som er med i NFB-
samarbeidet.
Deltakarane vart ønskte velkomne til NHH av viserektor Mette H. Bjørndal.
- Målet er å gje doktorgradsstudentar høve til å presentera prosjekta sine og diskutera dei med både etablerte forskarar og andre PhD-studentar. Det
finst knapt nokon betre måte å få testa prosjektets styrke og relevans, og samstundes få nye perspektiv, sa professor Bjørndal.
Ho la likevel ikkje skjul på at tilbakemeldingane kan vera ganske så klare.
- Expect reality checks, var avslutningshelsinga til den høgst internasjonale forsamlinga.
I løpet av kollokviet skal det haldast 18 presentasjonar fordelt på ei rekkje parallelle sesjonar. Kommentarane til innlegga er det i hovudsak forskarar frå NHH-miljøet som står for.
Viserektor Mette H. Bjørndal ønskte deltakarane på doktorgradskollokviet velkomne til NHH.
Før dei parallelle sesjonane byrja fekk deltakarane høve til å presentera seg i plenum.
|