Ny tilsett ved HR-avdelinga
Marianne Stople er siste tilskot til NHH si HR-avdeling.
17.08.2012 - Hallvard Lyssand
30-åringen frå Hjertås i Meland tok til i ei eittårig stilling ved HR-avdelinga i byrjinga av juli.
Ho har mastergrad i administrasjons- og organisasjonsvitskap, og har teke kurs i personalleiing og kompetanseutvikling og arbeidsrett ved NHH Executive.
Stople har arbeidd tre år i NAV og vore personalkonsulent i Meland kommune før ho kom til NHH.
- Akkurat no set eg meg inn i mest mogeleg både om NHH-organisasjonen, HR-avdelinga og ulike regelverk. Etter kvart skal eg mellom anna bidra i oppgåver knytt til doktorgradsstipendiatar, arbeida med HR-strategien og oppdatera den nettbaserte leiarhandboka Compendia, fortel Stople.
|