Strategiseminar og styremøte på Solstrand
Måndag 23. og tysdag 24. april kjem NHH-styret saman til strategiseminar og styremøte på Solstrand Hotel & Bad.
20.04.2012 - Hallvard Lyssand
Under strategiseminaret måndag vil styret først få presentert status, utfordringar og prioriteringar for inneverande strategiperiode (2010-2013) frå m.a. instituttleiarar, dekanar og pedagogikkgruppa.
Deretter vert det opna for spørsmål og diskusjon.
Andre del av seminaret skal handla om strategisk fundament og føringar for ny strategi for perioden 2014-2017.
Tysdag vert det ordinært styremøte.
Blant sakene på agendaen er Rapport og planar 2011-2012 og KS Utdanning - rammeverk for kvalitetssikring av utdanninga ved NHH.
Styret skal også ta stilling til om NHH skal oppretta eit internasjonalt retta karrieresenter som svar på eit aukande tal på internasjonale studentar og manglande tilbod om karriererettleiing for NHH-kandidatar som siktar mot ein internasjonal karriere.
|