Oppgradering av systemet for adgangskontroll

Adgangskontroll (Illustrasjon)

Adgangskontrollsystemet er oppgradert. Det gjev utslag når ein nyttar adgangskortet. In English

10.04.2012 - Red.


I samband med ei oppgradering er alle nodene i av adgangskontrollsystemet ved NHH reinsa for informasjon og rekonfigurert med nye parameter.

Dette tyder at nodene må oppdatera informasjonsbasen, noko som skjer kvar gong ein node les eit nytt kort.

Medan noden hentar informasjon om kortet vil båe lysa på noden blinka i nokre sekund. Når kortet er autorisert vil døra opna som vanleg.

Prosessen skjer berre ein gong per kort i dei einskilde nodene, så neste gong kortet vert drege i same node er informasjonen om brukaren lagra.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive