| Brende fekk fritakBørge Brende har fått fritak frå styrevervet ved NHH. Han vert erstatta av Marit Warncke. 20.04.2012 - Hallvard Lyssand 
 Børge Brende vart oppnemnt som medlem av NHH-styret i juni 2009. Tidlegare i år søkte han om fritak frå vervet. Grunngjevinga var at stor arbeidsbelastning og mykje reiseverksemd i tilknyting til stillinga som direktør ved World Economic Forum i Genève gjer det umogeleg å delta på tilstrekkeleg mange styremøte ved NHH. Kunnskapsdepartementet har innvilga søknaden. Første vararepresentant Marit Warncke vert fast styremedlem resten av perioden fram til 31. juli 2013. |