Brende fekk fritak

Bjørge Brende (foto: Eivind Senneset)

Børge Brende har fått fritak frå styrevervet ved NHH. Han vert erstatta av Marit Warncke.

20.04.2012 - Hallvard Lyssand


Børge Brende vart oppnemnt som medlem av NHH-styret i juni 2009. Tidlegare i år søkte han om fritak frå vervet.

Grunngjevinga var at stor arbeidsbelastning og mykje reiseverksemd i tilknyting til stillinga som direktør ved World Economic Forum i Genève gjer det umogeleg å delta på tilstrekkeleg mange styremøte ved NHH.

Kunnskapsdepartementet har innvilga søknaden.

Første vararepresentant Marit Warncke vert fast styremedlem resten av perioden fram til 31. juli 2013.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive