| 60-årsdagsseminar for Karl Rolf Pedersen Fredag 4. mai fyller førsteamanuensis Karl Rolf Pedersen 60 år. Same dag arrangerer Institutt for samfunnsøkonomi eit seminar og ei mottaking på Stupet til ære for jubilanten. 27.04.2012 - Red. 
 Seminaret finn stad i Auditorium Karl Borch frå 12.15 til 14 fredag fjerde mai, og fokuserer på to område der Karl Rolf Pedersen har bidrege sterkt: bistand til u-land og nytte-kostnadsanalysar av tiltak i offentleg sektor. Både seminaret og den påfølgjande mottakinga er opne for alle interesserte. Program for seminaret 12.15: Opning ved Rolf Jens Brunstad, NHH. 12.20-13.20: U-land og U-hjelpRune Jansen Hagen, UiB: Karl R. Pedersen: En pioner i bistandsdebatten
 Bertil Tungodden, NHH: Kalle som læremester
 13.20-1400: Kåre Petter Hagen, NHH: Nytte-kostnadsanalyse i praksis - Vinter-OL i Tromsø 2018 14.00-15.30: Mottaking på Stupet |