Rekneskap utan styring

stock.xchng

Kronikk: Sjukehus må - som andre organisasjonar - halda styr på økonomien. Difor må sjukehus utarbeida rekneskap for dei økonomiske transaksjonane sine, skriv professor Norvald Monsen (NHH) og førsteamanuensis Sverre Høgheim (HiSF) i Klassekampen 26. oktober 2011. Kronikken har og vore på trykk i Firda og Fjordabladet 21. oktober 2011.

26.10.2011 - Norvald Monsen og Sverre Høgheim


Men sjukehus - til skilnad frå private bedrifter - finansierer ikkje utgiftene sine gjennom sal av varer og tenester. Difor har sjukehus behov for ein annan type rekneskapsinformasjon enn private bedrifter. Medan ei privat bedrift treng lønsemdsinformasjon som kan samanliknast med lønsemdsmålsetjinga, treng eit sjukehus pengeinformasjon som kan samanliknast med det politisk vedtekne budsjettet.

Emnet er stadig oppe til diskusjon, både rikspolitisk og lokalt. For eksempel var det nyleg ein debatt i Sogn Avis om økonomistyring i sjukehusa våre med fokus på bokføringsknep, førebyggjande tiltak og investeringar. Men etter å ha lese innlegga der, sat vi att med fleire spørsmål enn svar. Det same kan ein ofte gjera når den helse­politiske diskusjonen flyg høgt i riksmedia. Difor vil vi forsøka å bidra med litt allmenn oppklaring i debatten om kva type rekneskap som sjukehusa bør utarbeida.

Dei offentlege sjukehusa er i hovudsaka skattefinansierte. Dette medfører at sjukehusa finansierer utgiftene sine gjennom statlege overføringar. Ein alvorleg sjuk pasient som må hentast med ambulanse, blir difor teken i mot av sjukehuset sitt akuttmottak og får behandling, utan at han må betala i sjukehusdøra. Då den same personen - dagen før han vart sjuk - gjekk inn døra til bussen på veg til jobb, måtte han derimot betala for å få ta bussen.

Her ser vi at vi står overfor to forskjellige situasjonar: Sjuke­huset finansierer utgiftene sine på ein indirekte måte via statlege skatteoverføringar, medan busselskapet finansierer sine utgifter direkte gjennom at passasjerane betaler for buss­reisene. Sagt på ein annan måte: På sjukehusa står vi overfor einvegs pengestraumar (ein person betaler skatt og sjuke­huset brukar denne skatteinntekta til å finansiera behandlinga av ein annan person), medan busselskapet står overfor bytetransaksjonar i marknaden (busselskapet køyrer ein person i byte mot at denne personen betaler for si bussreise i form av ein bussbillett).

I offentleg sektor er det viktig med ei demokratisk forvaltning av offentlege skatteinntekter. Dersom politikarane vedtek å bruka fem millionar kroner til ei bestemt offentleg oppgåve (for eksempel kreftbehandling på eit sjukehus), treng vi rekneskaps­informasjon som viser om politikarane sine budsjettvedtak er gjennomførte. Difor treng vi offentlege rekneskap som rapporterer offentlege utgifter og korleis desse utgiftene er finans­ierte i form av inntekter. Dermed kan dei rekneskapsførte utgiftene og inntektene samanliknast med dei budsjetterte utgiftene og inntektene. Denne samanlikninga vert kalla budsjettkontroll, og er ei av dei viktigaste kontrolldimensjonane i offentleg forvaltning.

Sjølv om vi for nokre år sidan gjennomførte ei sjukehusreform, der sjukehusa vart overførte frå fylkeskommunane til staten og vart skilde ut som offentlege helseføretak, finansierer sjukehusa framleis utgiftene sine gjennom skatteinntekter. Difor er sjukehusa framleis ein del av offentleg forvaltning. Følgjeleg treng sjukehusa også i dag rekneskapsinformasjon i form av utgifter og inntekter som lett kan samanliknast med politikarane sine budsjetterte utgifter og inntekter.

Dessverre er det ikkje slik pengeinformasjon vi finn i sjukehusa sine rekneskap i dag. Samtidig med sjukehusreforma vart nemleg dei kommunale budsjett- og rekneskapsreglane, som dei fylkeskommunale sjukehusa følgde, erstatta med private rekneskapsreglar. Og her vil vi gjerne peika på følgjande: Sjukehusa tilhøyrde fylkes­kommunane og følgde difor dei kommunale/fylkeskommunale budsjett- og rekneskapsreglane, som mellom anna skil mellom drift og investeringar. Av denne grunn utarbeidde sjukehusa - før sjukehusreforma - rekneskap som rapporterte utgifter/inntekter, inndelt i drift og investeringar. Desse rekneskapane kunne lett samanliknast med politikarane sine budsjettvedtak. Det er også verdt å merka seg at budsjett­fokuset, som er eit kjernepunkt i offentleg, demokratisk økonomistyring, vart tona ned i samband med sjukehusreforma.

Vi er alle interesserte i å forbetra økonomistyringa i sjukehusa våre, slik at vi får meir sjukehusbehandling ut av kvar skattekrone. Difor har vi behov for enklare og meir forståelege offentlege rekneskap enn det vi har i dag. Offentlege rekneskap, inkludert sjukehusrekneskapa, bør difor vidareutviklast og forbetrast. Men vegen å gå er ikkje å erstatta ein offentleg rekneskap som legg vekt på pengeinformasjon med ein privat rekneskap som legg vekt på lønsemdsinformasjon.

Vi vil konkludera med at sjukehusa - på same måten som offentleg forvaltning elles - bør utarbeida pengerekneskap (i form av utgifts- og inntekts­rekneskap) som viser om offentlege skatteinntekter er forvalta på ein demokratisk måte, eller med andre ord om dei er forvalta i samsvar med politikarane sine budsjettvedtak. Difor bør sjukehusa venda tilbake til dei kommunale budsjett- og rekneskapsreglane som dei følgde før sjukehusreforma - og deretter kan dei vidareutvikla dei pengerekneskapa som dei då vil komma til å utarbeida, slik at dei blir lettare å forstå enn dagens kommunerekneskap.

Når det gjeld kapitalslit på bygningar og utstyr, så kjem det ikkje meir pengar til vedlikehald, sjølv om vi innfører avskrivingar i tråd med private rekneskapsreglar. Pengar til betre vedlikehald kjem utelukkande via politikarane sin budsjettprosess - så her er vi igjen tilbake til budsjettet si viktige rolle i offentleg økonomistyring!


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive