Ledig stilling som førsteamanuensis i interkulturell kommunikasjon

På Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon er det ledig ei 50% stilling som førsteamanuensis i interkulturell kommunikasjon med fokus på Aust-Asia.

04.11.2011 - Lisbeth Heilund


Ved Noregs Handelshøgskole er det ledig ei 50 % stilling som førsteamanuensis i interkulturell kommunikasjon med fokus på Aust-Asia knytt til Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Instituttet omfattar faga engelsk, fransk, japansk, norsk som andrespråk, spansk og tysk. Ved instituttet er det per i dag ein vitskapleg stab på 3 professorar, 6 førsteamanuensar, 1 amanuensis, 3 universitetslektorar (2 i heil stilling og 2 i halv stilling) og 4 doktorgradsstipendiatar, i tillegg til ei halv stilling knytt til translatøreksamen.

Forskings- og undervisningsprofilen ved instituttet ber preg av NHH sine føremål og fagkrins.

Forskinga er konsentrert om moderne fagspråkleg kommunikasjon i vid forstand (terminologi, omsetjingsvitskap, interkulturell kommunikasjon og fagtekstlingvistikk) innanfor NHH-relaterte område. Den som blir tilsett skal bidra til å styrkja forsking, undervisning og formidling i interkulturell kommunikasjon, og til å vidareutvikla det generelle fagmiljøet ved instituttet. Det er difor viktig at søkjarane kan visa til relevant forsking

Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon tilbyr undervisning i interkulturell kommunikasjon i eit felles bachelorprogram i språk og interkulturell kommunikasjon (SPIK) i samarbeid med Universitetet i Bergen, samt i masterkurset Cross Cultural Management.

Den som blir tilsett vil bli pålagt undervisningsoppgåver innanfor desse kursa, samt planlegging og undervisning av instituttet sitt planlagde kurs i aust-asiatisk kultur.

I lys av at norsk er undervisningsspråk på SPIK-programmet, og av omsyn til stillingsinnehavaren sine administrative plikter, vil det bli lagt vekt på at den som blir tilsett, har så god kompetanse i norsk at desse aspekta ved stillinga kan ivaretakast.

Det kan vera aktuelt med intervju og prøveførelesing eller seminar.

Den som blir tilsett må retta seg etter dei føresegnene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nytilsette som ikkje kan dokumentera pedagogiske kvalifikasjonar vil bli pålagde å gjennomføra eit kortare pedagogisk kurs.

Stillinga vert løna etter statens regulativ for førsteamanuensar. Lønnstrinnsinnplassering avtalast ut ifrå kvalifikasjonane til søkjaren i samsvar med dei lønnspolitiske retningslinene ved høgskolen. Frå løna vil det bli trekt 2% som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Det er krav om norsk doktorgrad eller tilsvarande kvalifikasjonar.

Søknad må innehalda opplysningar om fagleg og pedagogisk utdanning og praksis. Til søknaden kan søkjarar leggja ved inntil 10 vitskaplege arbeid. Fullstendig liste over alle vitskaplege og eventuelle andre faglege arbeid som kan ha noko å seia for vurderinga av søkjarane sine kvalifikasjonar må også leggjast ved.

Søknadsfristen er 25. november. Denne fristen gjeld også for innsending av skriftlege arbeid.

Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan tilsetjingsorganet mellombels tilsetta ein av søkjarane for inntil tre år, dersom vedkommande etter tilsetjingsorganet si vurdering har føresetnader for å skaffa seg dei nødvendige kvalifikasjonane i løpet av tilsetjingsperioden.

For nærmare opplysningar om stillinga, kontakt leiar ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon, Sunniva Whittaker.

Søk stillingen her


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive